Hans-Wilhelm Steinfeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hans Wilhelm Steinfeld)
Hans-Wilhelm Steinfeld

Hans-Wilhelm Steinfeld (fødd 29. mars 1951 i Bergen) er ein norsk journalist og historikar. Han er tilsett ved NRK og har spesialisert seg på austeuropeiske og spesielt russiske tilhøve. Han var korrespondent i Moskva i periodane 1980-1984, 1988-1994, 2000-2003 og igjen frå 2010. Han er særleg kjent for journalistisk arbeid i Sovjetsamveldet og Russland og på grunn av fleire intervju med Mikhail Gorbatsjov, Boris Jeltsin og Nikolai Ryzhkov under kollapsen av Sovjetsamveldet.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Bakgrunnen og forutsetningene for kollektiviseringen av det nordkaukasiske kornområdet i Sovjetunionen 1927-1930 (1976)
  • Arven etter Bresjnev (1982)
  • Istid i Moskva (1984)
  • Tøvær i øst (1986)
  • Le, Kamerat (1987, under pseudonymet G.V. Sjutkin (Gans Vilgelm Sjteinfeld)
  • Nærbilder fra et politisk jordskjelv (1990)
  • Tilbake til Europa (1991)
  • Fremover mot fortiden (1993)
  • Fedrenes arv (1996) – roman
  • Solsikker på Balkan (1999)
  • Frihetens bitre tiår (2001)
  • Hatet i Europa (2009)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wikipedia på tysk og bokmål om Hans-Wilhelm Steinfeld, henta inn den 5. juni 2012.