Hansa bryggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hansa)
Hansa bryggeri

Hovudkontoret til Hansa på Kokstad.
Skipa1891
HovudkontorBergen
LandNoreg
Nettstadhttp://hansaborg.no/bryggerier/Hansa-bryggeri/

Hansa bryggeri er eit bryggeri i Bergen. Hansa produserer pilsnerøl, bayerøl, fatøl, lettøl, vørterøl og brus.

Bryggeriet vart stifta i 1891Waldemar Stoud Platou kjøpte opp det lokale bryggeriet Det Sembske Bryggeri, og gav det eit nytt namn. Opphavleg heldt bryggeriet til på Kalfaret, men på 1980-talet flytta dei mesteparten av verksemda si til Kokstad, eit industriområde knappe to mil sør for Bergen sentrum.

Namnet «Hansa» er oppkalla etter hanseatane, det tyske handelsforbundet som var så viktig for bergensk økonomi i sein mellomalder.

Hansa bryggeri er i dag samanslått med Borg bryggeri i Sarpsborg og Christianssands Bryggeri (CB) i Kristiansand til Hansa Borg Bryggerier ASA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hansa bryggeri