Hansine Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hansine Hansen (18791944) var ein norsk lærar og gardbrukar på bruket Breivik Søndre i Tromsø. Ho testamenterte eigedomen sin til Troms fylkeskommune med atterhald om at han vart bruka til å bygge «Gårbrukerdøtrenes høiskole».[1] I dag ligg store delar av UiT Noregs arktiske universitet, Botanisk hage i Tromsø[2], og Ishavsbyen videregående skole på eigedomen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hansine Hansen tok lærarutdanning ved Seminaret i Tromsø (som var forgjengaren til dagens lærarutdanning ved UiT Noregs arktiske universitet), og arbeidde ved Tromsø folkeskole (som i dag heiter Gyllenborg skole).[1]

Ho var sterkt engasjert i Bondeungdomslaget (BUL). I tillegg var ho med i lokale lag som støtta fattige, einslege kvinner og mødre.[1]

I 1929 tok ho over drifta på familiegarden.[1]

I 1938 overdrog Hansine Hansen delar av eigedomen til Troms fylke for utdanningsføremål, og resten av eigedomen vart testamentert til fylket etter hennar død.[2] På eigedomen stod mellom anna eit fjos som vart nytta som skulefjos ved Borgtun skule fram til det vart rive i 2008.[3][4]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Hansine Hansen har ei gate i Tromsø kalla opp etter seg, i tillegg til Hansine Hansens tun og Kafé Hansine Hansen i Botanisk hage i Tromsø.[1][2]

I 2019 var det premiere på dokumentaren Ho Hansina i Breivika, av Sirrka Seljevold.[1][5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «(+) Hun ga bort eiendommen sin til Troms fylke – men hadde ett forbehold», www.nordlys.no (på norsk), 29. juni 2019, henta 29. juni 2019 
  2. 2,0 2,1 2,2 Elvebakk, Arve, «20. HANSINE HANSENS TUN | UiT», uit.no (på norsk bokmål), henta 29. juni 2019 
  3. NRK TV – Norge Rundt (på norsk), henta 29. juni 2019 
  4. Einem, Nina Birgitte (10. april 2008), «Starter rivinga mandag», NRK (på norsk bokmål), henta 29. juni 2019 
  5. «Ho Hansina i Breivika», Verdensteatret Kino (på norsk bokmål), henta 29. juni 2019