Hanske

Hanske (norrønt hanzki, lågtysk hantscho, hantsche, tyder eigentleg 'handsko')[1] er eit klesplagg til å ha på handa som har eige rom til kvar av fingrane, til skilnad frå vottar. Hanskar som er laga i eit tynnare stoff kan ein kalla vantar.
Hanskar til vern
[endre | endre wikiteksten]
Det finst hanskar av ulike slag og til ulike føremål. Det er vanlegast å bruka dei til vern mot kulde. Materialar kan vera ull, bomull, skinn, pels, tekstilar og ulike kunststoff.
Vernehanskar er ofte av lêr. Hanskar til riding og til å bruk på motorsyklar er langskafta og skal òg verna underarmen. Ein finn egne vatterte hansketypar i fleire idrettar, særleg for å stoppa ein hard ball eller puck. Til rustningar i riddartida brukte ein vanlegvis jernhanskar, anten av ringbrynje eller lêrhanskar dekka med ledda jernplater.
Hanskar til formell bruk
[endre | endre wikiteksten]Menn kan bruka hanskar ved visse høve, gjerne saman med livkjole eller andre særleg formelle antrekk. Slike hanskar skal vera små og kortskafta, gjerne i eit tynt og fint stoff. Vanlegvis skal hanskane vera svarte, men til galla (kjole og kvitt eller gallauniform) skal herrehanskar vera kvite.
Kvinner kan bruka lange hanskar i sateng, særleg saman med ballkjole eller selskapskjole. Slike hanskar kan vera i mange ulike fargar eller i same farge som kjolen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hansker» frå Wikipedia på bokmål, den 10. januar 2022.