Hanuman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hanuman-amulett frå Rajasthan.

Hanuman (sanskr. हनुमान्, 'stor kjeve') er ein apegud i hinduismen, ein viktig følgjesvein for Rama og sentral i eposet Ramayana. Han er kjend for truskapen sin til Rama og det rettvise, heilage livet han førte, og for rampestrekar i barndommen og mange heltegjerningar som vaksen. Hanuman høyrer til ei særskild gruppe apemenneske, vanaraer, og blir gjerne framstilt som ein mann med apetrekk. Folk som tilber han ser gjerne på apar som heilage.

Tilbeding[endre | endre wikiteksten]

Hanuman-statue med matoffer og blomar.

Apeguden blir ofte dyrka i tempel vigde Visjnu, og i tempel som hovudsakleg er tileigna Rama-inkarnasjonen hans vil ein alltid finna ein statue av apeguden. I slike tempel kan ein av og til òg finna heilage apeflokkar.

Det er ofte sett opp småtempel til guden langs vegar, ettersom han er rekna som særs vernande mot ulukker.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Hanuman blir som regel sett på som sonen til vindguden Vaju og Andjana, ein apsara som var blitt forbanna til å bli fødd i apeform. Han kan òg vera sonen til kongen og dronninga av apefolket, vanaraene. I nokre tradisjonar blir han sett på som ei form av Sjiva.

Hanuman syng bhajan, lovsongar.

Han valde å aldri gifta seg, men levde i staden som ein brahmatsjari, ein heilag mann som avstår frå verdslege gleder. Ei soge fortel at då dei inkarnerte gudane Rama og SitaVisjnu og Laksjmi — skulle forlata verda igjen, valde Hanuman å vera igjen, slik at han framleis er blant oss. Derfor er han både å finna i Ramayana og i Mahabharata, som fann stad seinare.

Forteljingar[endre | endre wikiteksten]

Hanuman gjer seg så stor at han kan verna Rama i munnen sin. Illustrasjon frå Wat Phra Kaeo i Bangkok.

Hanuman var svært sterk, og hadde i tillegg den eigenskapen at han kunne gjera seg større og mindre. Somme soger seier at han til og med kunne flyga, ettersom faren hans var vinden.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Som liten prøvde Hanuman å svelga sola, fordi han syntest ho likna på ei frukt. Han plaga mediterande vismenn i ein skog, og som straff gløymde han kjempekreftene sine heilt til han blei minna om dei under Ramayana-krigen.

Ramayana[endre | endre wikiteksten]

Ramayana fortel hovudsakleg om Rama si reise og kamp for å få tak i den bortførte kona si, Sita. Då gudefølgjet kom fram til Lanka, der Sita var halden fanga, var Hanuman den einaste som kunne hoppa frå fastlandsindia til øya. Han drog derfor til demonen Ravana med bod om at han måtte setja henne fri, og til Sita med ein ring frå Rama og oppmuntrande ord om at hjelpa var nær. Demonen sette fyr på den lange halen hans, men Hanuman tolte smerta og sette fyr på heile demonbyen til gjengjeld. Han sette òg fri dei ni planetane som demonen hadde maktstole. Den ulukkesbringande Sjani (Saturn) lova då at han ikkje skulle skada apeguden eller tilbedarane hans.

Hanuman ber med seg fjellet frå Himalaya.

Då hæren til Rama seinare skulle slost mot demonane, blei broren Laksjmana dødeleg såra. Det einaste som kunne lega han var ein urt som voks på fjellet Sandjivini i Himalaya, på andre sida av kontinentet. Hanuman blei send avgarde for å finna urta, men då han ikkje klarte det og det tok til å mørkna, tok han like godt med seg heile fjellet tilbake til stridsmarka. Hanuman som ber fjellet er ei populær framstilling av guden.

Seinare[endre | endre wikiteksten]

Hanuman gjorde ein gjesteopptreden i Mahabharata der han møter halvbroren sin, Bhima. Seinare støtta han helten Ardjona ved å vera til stades i fana hans på slagmarka.

Fleire heilage folk skal ha sett guden, som er udøyeleg og framleis finst på jorda. Blant dei er Tulsidas, som levde på 1500-talet, og Sri Ramdas Swami og Raghavendra Swami frå 1600-talet.

Hanuman var truleg inspirasjonen for den kinesiske mytologiske apehelten Sun Wukong.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hanuman