Happy House

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Happy House
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet Kaleidoscope
B-side

Drop Dead/Celebration

Utgjeve 7. mars 1980
Innspelt 1980
Sjanger Post-punk
Lengd 3:48
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Siouxsie Sioux, Steven Severin
Produsent
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
«Mittageisen»
(1979)
Happy House «Christine»
(1980)


«Happy House» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Songen vart skriven av Siouxsie Sioux og Steven Severin og kom ut i 1980 på Polydor som den første singelen frå det tredje albumet deira, Kaleidoscope.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Happy House» og albumet Kaleidoscope markerte ei musikalsk endring for Siouxsie and the Banshees på grunn av dei to nye musikarane som kom inn i bandet: trommeslagaren Budgie, tidlegare i The Slits, og gitaristen John McGeoch, tidlegare i Magazine.

Budgie, som var interessert i afrikansk polyrytmar, nytta ei reggae-stemning på songen, medan McGeoch spelt ebåde atmosfærisk og kvass gitar. Siouxsie sa at bandet nesten fann opp ein ny stil med denne singelen: Det var «Banshees – fase to».[1]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Happy House» kom ut på singel 7. mars 1980. Singelen vart den andre topp 20-hitten deira i Storbritannia og nådde 17. plassen på UK Singles Chart.[2]

Bruk i andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart seinare nytta av andre artistar. Den italienske dance-gruppa Cappella fekk ein hitsingel i 1993 med eurodance-songen «U Got 2 Know», som nytta det særeigne riffet frå «Happy House». Cappella vart seinare saksøkt for å ikkje ha betalt for å bruke songen.[3] I 2000 sampla det elektroniske rockebandet Mindless Self Indulgence opningsriffet på singlen «Bitches» frå albumet Frankenstein Girls Will Seem Strangely Sexy. I 2011 sampla The Weeknd fleire element frå originalutgåva på songen hans «House of Balloons» frå albumet med same namn.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tracks» TV'interview. Arte. Broadcast June 1999
  2. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 12. august 2020. 
  3. Price, Simon. «Kisses in the Dreamhouse». Melody Maker. 8. august 1993. P.41. «Happy House built on a naggingly eerie synth riff (recently stolen by Cappella's »U Got 2 Know)«
  4. Miller, Andrew. »Self Pleasure«. Thepitchkc.com. 14. februar 2002. Henta 14. oktober 2019.
    Neyland, Nick.»The Weeknd’s House Of Balloons" Arkivert 23. juli 2012 ved Wayback Machine.. Pitchfork. 28. mars 2011. Henta 14. oktober 2019.