Happy Together

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Happy Together
av The Turtles
frå albumet Happy Together
Utgjeve 14. februar 1967
Innspelt 2. januar 1967
Lengd 2:55
Selskap White Whale
Låtskrivar(ar) Garry Bonner, Alan Gordon
Produsent Joe Wissert
The Turtles-kronologi
«Can I Get to Know You Better»
(1966)
Happy Together «She'd Rather Be with Me»
(1967)


«Happy Together» er ein song frå 1967 frå The Turtles sitt album med same namn. Singelen kom ut i februar 1967 og slo The Beatles sin «Penny Lane» ned frå førsteplassen på Billboard Hot 100 i tre veker.[1] Det var den einaste førsteplassen til gruppa. «Happy Together» nådde 12. plass på UK Singles Chart i april 1967. Songen vart skriven av Garry Bonner og Alan Gordon, tidlegare medlemmar i eit band kalla The Magicians.[1] Songen vart avvist mange gonger før The Turtles fekk tilbod om å spele han inn.[2]

Då dei framførte songen på fjernsyn, «spelte» Mark Volman forskjellige instrument som ikkje er med i songen for kvar nye framføring. På Ed Sullivan «spelte» han ein trompet, på Smothers Brothers eit piano, og på andre eit valthorn.

Songen er nytta i mange filmar, mellom anna The Magic Garden of Stanley Sweetheart i 1970, Heart Like a Wheel i 1983, Making Mr. Right i 1987, Ernest Goes to Camp i 1987, Happy Together i 1989, Naked Gun i 1988, Muriel's Wedding i 1994, Happy Together 1997, Sorted i 2000, Adaptation. i 2002, Cherish i 2002, S1m0ne i 2002, Bubble Boy i 2002, Freaky Friday i 2003, Ma Mère i 2004, Imagine Me and You i 2005, dokumentaren Blindsight i 2006, Simpsons Movie i 2007, 27 Dresses i 2008 og Stepfather i 2009. Den franske versjonen til Frank Alamo vart nytta i filmane Get Him to the Greek og Scared Shrekless.

På fjernsyn er songen nytta mange gonger i episodar av The Simpsons og i episodar av That '70s Show, The Muppet Show, Cupid, Scrubs, ER, The Wonder Years, og My Name Is Earl.

I reklamar er songen nytta av Golden Grahams i 1980-åra, Super Smash Bros. i 1999, Toyota (Toyota New Zealand) for Toyota Rav4 i 2006,[3] og i 2009 av Ford for Ford Focus.[4]

«Happy Together» er blitt spelt av mange andre artistar, som Weezer, Petula Clark, Captain and Tennille, Jason Donovan, The Nylons, Simple Plan, Caterina Valente, The Dollyrots, Blue Meanies, Donny Osmond, T.G. Sheppard (som nådde Topp 10 på countrylista i 1979), Tahiti 80, Filter, MStar, Buck Wild, Flobots og Tally Hall, som samplar originalen. Frank Zappa spelte songen på konsertalbumet Fillmore East - June 1971 og hadde på den tida med seg i bandet sitt dei originale Turtles-vokalistane Howard Kaylan og Mark Volman, i tillegg til bassisten Jim Pons. Kaylan og Volman laga òg ein reggaeversjon av songen for det siste Flo & Eddie-albumet Rock Steady with Flo & Eddie. Hugo Montenegro sin versjon av songen vart gjeven ut som singel i 1969 og nådde 29. plass på Billboard Easy Listening chart.[5] Songen er sungen av Raude Armé-koret og Leningrad Cowboys.

I 1999 var songen i følgje BMI den 44. mest spelte songen på radio i USA på 1900-talet,[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of #1 Hits, 5th Edition (Billboard Publications), page 221.
  2. Wayne Wadhams, David Nathan (2001). Inside the Hits. Berklee Press, s. 254. ISBN 0-634-01430-7.
  3. http://adland.tv/commercials/toyota-rav4-happy-together-2006-30-new-zealand
  4. http://advertfan.com/2008/11/new-2009-ford-focus-happy-together-commercial/
  5. Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications), s. 66.
  6. BMI.com News Release (desember 13, 1999). «BMI Announces Top 100 Songs of the Century». BMI. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]