Har Arbel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°49′26″N 35°30′25″E
Har Arbel
fjell
Mount Arbel, Israel.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nordlege
Høgd 181 moh
Primærfaktor 380 m
Koordinatar 32°49′26″N 35°30′25″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mount Arbel

Har Arbel (hebraisk skrift הר ארבל) er eit fjell i Nedre Galilea nær Tiberias i Israel, med høge klipper og utsyn til Hermon i Golanhøgdene, spor av ei grottefestning og ruinar av ei gammal synagoge. Arbel ligg ovanfor Har Nitai og klippene vart skapt av Jordandalen.

Det ligg fire landsbyar i fjellet: Kfar Zeitim, Arbel, Kfar Hittim og Mitzpa. Toppen som ligg 181 meter over havet (380 meter over det kringliggande landskapet) dominerer landskapet og frå toppen kan ein sjå nesten heile Galilea til Golanhøgdene, inkludert Safed, Tiberias og det meste av Genesaretsjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arbel synagoge

I nærleiken ligg ruinane av ein gammal jødisk busetnad med ei synagoge frå 300-talet og skoren ut i sjølve fjellet ligg fleire klippebustader. Desse klippebustadane er frå 1600-talet og vart bygde av drusarar. Det er dokumentert jødiske klippebusetnader datert attende til tida kring Det andre tempelet i området. Josefus skreiv om den romerske erobringa at somme av dei siste hashmoneiske opprørarane budde i klippene i Arbel.[1][2][3]

Naturreservat og nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

Området vart eit naturreservat i 1967, og dekkjer 1,400 kvadratkilometer.[4] Nasjonalpark (8,5 km²) omfattar det meste av Nahal Arbel, som byrjar nær Eilabun og munnar ut i Genesaretsjøen nær Migdal. Reservatet dekkjer området like kring klippa.[5]

PikiWiki Israel 19736 Geography of Israel.jpg

Arbel er med klippveggen på 110 meter den einaste kjende staden i Israel der basehopping er godteke.[6]

Utsyn over Genesaretsjøen frå fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Arbel». Bible Walks. Henta 14 December 2015. 
  2. The Times of Israel article about the cliffs of Arbel (2013) [1]
  3. National Parks leaflet
  4. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Henta 3. oktober 2014. 
  5. Nature and Parks Authority brochure (PDF) (på hebraisk), henta 3. oktober 2014 
  6. «Mount Arbel National Park». israel trip planner. Henta 14 December 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]