Har Hevron regionale kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°26′22″N 35°1′41″E
Har Hevron regionale kommune
regional kommune
Panoram to Hare Hevron.JPG
Land Blank flag.svg Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°26′22″N 35°1′41″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Har Hevron Regional Council

Har Hevron regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית הר חברון, Mo'atza Azorit Har Hevron) er ein israeleskregional kommune sør i Judeafjella ved Hebron-fjellet, sør på den okkuperte Vestbreidda. Kommunesenteret ligg like ved Otniel. Kommunen vart grunnlagd i 1983.

Kiryat Arba ligg fysisk innafor området til Har Hevron regionale kommune, men er ein sjølvstendig bykommune.

Tre av busetjingane - Eshkolot, Sansana og Beit Yatir - ligg på den israelske sida av Israel si sperring på Vestbreidda.[1]

Kommunen består av busetjingane Adora, Abigail, Beit Hagai, Beit Yatir, Carmel, Eshkolot, Livne, Ma'ale Hever, Ma'on, Mitzpe Asa'el, Negohot, Otniel, Sansana, Shim'a, Susya, Telem og Teneh Omarim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Latest maps OCHA

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]