Tabor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Har Tabor)
Denne artikkelen handlar om fjellet i Israel. For byen i Tsjekkia, sjå Tábor.
Tabor
fjell
Land  Israel
Distrikt Nord
Del av Nedre Galilea
Topp Nedre Galilea
 - høgd 575 moh.
 - koordinatar 32°41′13.61″N 35°23′25.38″E / 32.6871139°N 35.3903833°E / 32.6871139; 35.3903833
Kart
Tabor
32°41′11″N 35°23′35″E / 32.68625°N 35.392916666667°E / 32.68625; 35.392916666667
Wikimedia Commons: Mount Tabor

Tabor (הַר תָּבוֹר, arabisk جبل الطور, Jabal aṭ-Ṭūr, gresk Όρος Θαβώρ) er eit fjell i Nedre Galilea i Israel, ved austenden av Jezreeldalen, 17 km vest for Genesaretsjøen. Han var åstad for eit slag mellom Barak leia av den israelittiske dommaren Debora, og armeen til Jabin kommandert av Sisera, midt på 1100-talet fvt. Fjellet er av mange kristne trudd å vere staden for Jesu forklaring.[1] Fjellet vert òg kalla Har Tavor, Itabyrium, Jebel et-Tur og Forklaringsfjellet.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Fjellet er eit øyfjell, ein isolert ås eller lite fjell som stig bratt opp frå landet omkring, og som ikkje er vulkansk. Trass i nærleiken til fjella i Nasaret har dette ei anna geologisk form.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tabor, 1850
Tabor, 1912

Ved botnen av fjellet gjekk det ein viktig veg: Via Maris passerte der frå Jezreeldalen nordover mot Damaskus. Plasseringa til vegkrysset ved dette lett gjenkjennelege fjellet, gjorde at det var av strategisk verdi og fleire slag vart utkjempa i nærleiken.

Josva og dommarane[endre | endre wikiteksten]

Fjellet er nemnt for første gongen i Det gamle testamentet, i Josva 19:22, som grensa til tre stammer: Sebulon, Jissakar og Naftali. Fjellet var viktig fordi det låg ved krysset mellom nord-sør-vegen og aust-vest-vegen i Galilea. Debora, den jødiske profetkvinna, kalla til seg Barak frå Naftali-stammen og gav ham Guds kommando: «Gå av stad og dra opp på Tabor-fjellet! Ta med deg ti tusen mann frå Naftali og Sebulon» (Domarane 4:6). På veg ned frå fjellet vart israelittane angripne og slo Sisera og kanaanittane.

Den andre tempelperioden[endre | endre wikiteksten]

I dagane kring Det andre tempelet, var Tabor eit av fjella der stod ein varde for informere dei nordlege landsbyane om jødiske heilagdagar og byrjinga av nye månader.

Under eit hashmoneisk opprør mot den romerske Aulus Gabinius, vart Aleksander av Judea og armeen hans med 31 000 judearar slått i eit slag nær Tabor. Så mange som 10 000 jødiske soldatar vart drepen i slaget. Aleksander sjølv vart fanga og avretta.

I 66 evt. under den første jødisk-romerske krigen, trekte galileiske jødar seg attende til fjellet kommandert av Josefus Flavius, då dei forsvarte seg mot eit romersk åtak.

Det nye testamentet[endre | endre wikiteksten]

Evangeliet etter Matteus 17 fortel Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset. Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og snakka med han. Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!» [Evangeliet etter Matteus 17:1-13]. Denne hendinga vert òg fortalt i Peters andre brev 1:16-18, Evangeliet etter Markus 9:2-9 og Evangeliet etter Lukas 9:28-37. Ingen av desse identifiserer det «høge fjellet». Første gongen fjellet vert identifisert som Tabor er av Origen på 200-talet. Det vert òg nemnt av Kyrillos av Jerusalem og Hieronymus på 300-talet.[2] Det er seinare nemnt på 400-talet i Transitus Beatae Mariae Virginis. Hermon er den alternative staden i følgje tradisjonen.[treng kjelde]

Bysantinsk tid og mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Sidan Tabor vart rekna som viktig i kristen tradisjon, vart fjellet ein pilegrimsstad på 300-talet. I følgje skildringane til pilegrimane var det på 500-talet tre kyrkjer på toppen av fjellet og på 700-talet var det fire kyrkjer og eit kloster. I den arabiske tida, i 947, var det eit slag ved fjellet om kontroll over Israel, som Abbasidekalifatet vann.

Under krosstoga skifta området som fjellet ligg i hender mange gonger mellom muslimar og kristne. I 1099 bygde krossfarane festningsverk i området der kyrkjene og klosteret låg på toppen, for å verne pilegrimane mot muslimske åtak. I 1101, då krossfararane kontrollerte området, bygde benediktinske munkar opp att ei ruinert basilika og reiste eit festningskloster.[3] I 1212 var fjellet okkupert av ajjubide-sultanen Al-Adil I som bygde ei større festning, men i 1229 var han igjen okkupert av kristne. I 1263 okkuperte mamelukkherskaren Baibars festninga og dei ruinerte bygningane på fjellet.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

I 1799, under ekspedisjonen til Napoleon Bonaparte til Israel, vart det utkjempa eit slag mellom Tabor og Moreh der ein fransk styrke på kring 3 000 soldatar kommandert av Napoleon og general Jean Baptiste Kléber kjempa mot ein mamelukkstyrke på kring 20 000 soldatar.

Mot slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet slo den arabiske beduinstamma A Tzabiach (Sabehi) seg ned i fjella. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 deltok medlemmar av A Tzabiach-stamma i krigen i Den arabiske frigjeringskrigen under Fawzi al-Qawuqji og tok mellom anna livet av sju innbyggjarar i landsbyen Beit Keshet. I starten av mai 1948 okkupere Golanbrigaden Tabor. Dei fleste medlemmane i stamma vart tvungen ut til Syria og Kongedømet Jordan, utanom Shibli-klanen som nekta å reise. Etter krigen vart landsbyen deira bygd opp att og den arabiske Al-Shibli er i dag ein del av landsbyen Shibli-Umm al-Ghanam.

I dag står det to kristne kloster på fjelltoppen, delt inn i eit austleg ortodoks (nordaust) og romersk-katolsk (søraust) område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Position of the Transfiguration i Catholic Encyclopedia
  2. Meistermann, Barnabas (1912), «Transfiguration», The Catholic Encyclopedia XV, New York: Robert Appleton Company, henta 4. oktober 2014 
  3.  «Mount Thabor». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company. 1913. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tabor