Hopp til innhald

Harald Arnkværn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Arnkværn
StatsborgarskapNoreg
Fødd5. februar 1939 (86 år)
Yrkebankier, advokat

Harald Arnkværn (fødd 5. februar 1939) er ein norsk jurist, høgsterettsadvokat og næringslivsleiar.

Han var tilsett i Christiania Spigerverk/Elkem Spigerverket frå 1965 til 1974 og i Den norske Creditbank frå 1974 til 1988. Først i den juridiske avdelinga, seinare som viseadministrerande direktør og som konstituert adm. dir. i 1988, då Leif Terje Løddesøl måtte gå av.[1] Den permanente sjefsjobben gjekk til Kristian Rambjør. Etter dette har han praktisert som advokat i næringslivet.

Arnkværn har, og har hatt, mange ulike verv i norsk næringsliv, som mellom anna styreleiar i Christiania Bank og Kreditkasse (og seinare styremedlem i Nordea), styreleiar i Kværner og ordførar i bedriftsforsamlinga i Orkla. Han var også styreleiar i Vinmonopolet frå 1996 til slutten av oktober 2005, då han valde å trekkje seg[2] etter at Vinmonopolet vart meldt for fleire brot på personopplysningslova av Datatilsynet.[3] Det kom mellom anna fram at Arnkværn hadde bede advokat og privatetterforskar Erling Grimstad om å granske arbeidsrelatert e-post til fem tilsette i Vinmonopolet. Siri Hatlen overtok som styreleiar.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]