Harald Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Bakke
Fødd30. juni 1882
Halden kommune
Død11. februar 1963 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Harald Sigvard Bakke (30. juni 188211. februar 1963) var ein norsk lektor, politikar og riksmålsmann frå Halden. Han representerte partiet HøgreStortinget i tida 1925-36.

Bakke var son til ein gardbrukar. Han tok examen artium ved Fredrikshalds skole i 1902 og pedagogisk eksamen i 1911. I 1912 vart han cand.philol. med historie, engelsk og norsk frå Det Kongelige Frederiks Universitet i hovudstaden.

Skuleåret 1906/07 var Bakke styrar av Randsfjord private middelskole. Dei neste fem åra underviste han på Sandnes middelskole, før han i 1912/13 var lærar ved Storms skole i Stavanger. Frå 1913 til 1934 var han adjunkt og lektor ved Haldens skole. I 1934 flytta han til Oslo og vart lektor ved Foss skole. Under andre verdskrigen fungerte han som rektor ved Hegdehaugen skole i Oslo.

Bakke var med i formannskapet i Halden i heile 18 år; 1916-34. Åra 1919-25 var han medlem av skulestyret i byen. Frå 1925 til 1936 var han stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Østfold og Akershus fylke. Sesjonen 1925-27 var han medlem i Protokollkomiteen, deretter formann i same komiteen 1928-33. Sesjonane 1934-35 var han medlem i Kyrkje- og skulekomiteen. I 1936 vart han overført til Sosialkomiteen.

Bakke var styremedlem i Smaalenenes Amtstidende og i Halden Elektrisitetsverk. Elles var han aktiv på fleire felt, særleg i Riksmålsforbundet. Han var viseformann i forbundet 1938-39 og formann 1939-45.

I 1945 vart Bakke suspendert frå lektorstillinga då han hadde vore medlem i Norges Lærersamband etter læraraksjonen i 1942, og mogleg sympati med okkupasjonsmakta.

Bakke skreiv fleire små verk med lokalhistorie og bedriftshistorie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]