Harald Bjorvand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harald Bjorvand
Fødd 30. juli 1942
Nasjonalitet Noreg
Yrke språkforskar
Institusjonar Universitetet i Oslo
Alma mater Universitetet i Oslo

Harald Bjorvand, (fødd 30. juli 1942) og oppvaksen i Askim, er professor i germansk filologi ved Universitetet i Oslo.

Avhandlingar[endre | endre wikiteksten]

Han tok magistergraden i germansk språkvitskap ved Universitetet i Oslo i 1970 med avhandlinga Untersuchungen über den Ersatz der Pluralendung -ar durch-ir und -r bei den ō-Stämmen im Awn. vor der Mitte des 14.Jahrhunderts og doktorgraden i 1988, også ved Universitetet i Oslo, med avhandlinga Holt og holtar: om utviklingen av det indoeuropeiske kollektivum i norrønt på sammenlignende grunnlag.

Yrkesveg[endre | endre wikiteksten]

Han blei tilsett som amanuensis i historisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo i 1974 og blei professor i germansk filologi i 1990, også ved Universitetet i Oslo.

Vitskapleg arbeid[endre | endre wikiteksten]

Harald Bjorvand er særleg kjend for verket Våre arveord. Etymologisk ordbok, som han fyrste gong gav ut i 2000 (Novus forlag), i lag med Fredrik Otto Lindeman, professor emeritus i samanliknande indoeuropeisk språkforsking ved Universitetet i Oslo, med ei utvida og omvølt utgåve i 2007. Dei seinare åra har han gjeve ut fleire artiklar om historia og tolkinga av nordiske stadnamn, mellom anna Oslo, Skåne og Sola.

Lærebøker[endre | endre wikiteksten]

I lag med Even Hovdhaugen og Hanne Gram Simonsen var Harald Bjorvand i 1982 utgjevar av læreboka Språkvitenskap: en elementær innføring (Oslo: Universitetsforlaget), der han sjølv skreiv kapitlet Historisk språkvitenskap.

Omsetjing[endre | endre wikiteksten]

I I 1978 gav Harald Bjorvand, i samarbeid med Alma Ločeryte-Dale, ut diktsamlinga Dikt til kjærligheten (Oslo: Solum), med attdiktingar av dikt av den litauiske forfattaren Justinas Marcinkevičius (f. 1930).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Heimesida til Harald Bjorvand