Harald Eiriksson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Eiriksson
Fødd1155
Orknøyane
Død1198
Caithness
TittelJarl på Orknøyane (Samstyre med Harald Maddadsson)
FøregangarHarald Maddadsson
EtterfylgjarHarald Maddadsson
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Harald Eiriksson, òg kalla Harald Unge (Haraldr úngi), var jarl på Orknøyane i 1190-åra, til han døydde i 1198. Han vart truleg fødd ein gong etter 1056 og han var jarl samtidig med Harald Maddadsson jarl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Det meste av opplysningane om Harald Eiriksson finn ein i Orknøyingasoga[1] frå kapittel 94 og utover.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ragnvald Kale Kolsson hadde berre ei dotter, Ingrid eller Ingegjerd, som levde opp. Ho vart gift med Eirik Stagbrell og var mor til Harald Unge. Dei andre borna deira var Magnus Mange, Ragnvald, Ingebjørg, Elin og Ragnhild.

Foreldra til Eirik Stagbrell var Eirik Streita og Audhild[Note 1]; morsyster hennar var Frakokk Moddansdotter[2].

Harald Eiriksson hadde mange frendar som ætta frå stormannen Moddan i Dal i Caithness, og ein av dei var Harald Maddadsson jarl.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

William I (the Lion) (Gælisk: Uilleam mac Eanraig) var skotsk konge i tida 1165-1214. Eing gong før 1198 gav han jarlsnamn åt Harald Eiriksson (Unge).

I Orknøyingasoga (kap. 94) er det fortalt at Ragnvald jarl, etter at han var heimkomen frå Jorsalaland, drog hausten 1156 til Sudrland og gifte bort dotter si. Ein må då kunne rekne med at Harald, sonen hennar, vart fødd ein gong etter den tida.

Ein gong etter at Ragnvald jarl var avliden, drog Harald Eiriksson til Noreg der han vitja den norske kongen Magnus Erlingsson. Av han skal han ha fått lovnad om jarlsnamn og styringa med halvparten av Orknøyane, slik morfar hans hadde hatt[Note 2].

Harald Eiriksson jarl vart sidan kalla «Harald Unge» og Harald Maddadsson jarl vart omtala som «Harald Gamle».

Orknøyingasoga fortel vidare at Harald Eiriksson deretter drog opp i Skottland og av kong William I[3] fekk han styringa med halve Caithness, slik som Ragnvald jarl hadde hatt.

Harald jarl Unge drog sidan ned til jarleriket sitt i Caithness, og i året 1198 hadde han samla mykje folk til seg. Hæren hans lægra seg i Wick[4][5], søraust for Thurso, og mellom dei fremste hovdingane hans var Sigurd Mort og Livolv Skalle[Note 3], mågen hans. Han sende menn til Harald Maddadsson jarl ute på Orknøyane med krav om å få halve øyriket, men fekk svar attende at den gamle jarlen nekta tvert å gi frå seg noko av riket sitt.

Harald Gamle kom deretter med ein stor hær til Caithness[6]. Begge hærane fylkte seg på land nær Wick og det vart ein hard strid. Etter at både Livolv Skalle og Sigurd Mort var falne, kom hæren til Harald Unge på flog, og til sist fall òg Harald Unge der.

Etter at han var død, vart det tala om at han var heilag, og det skal seinare ha blitt bygt ei kyrkje der han fall. Det vart sagt om Harald Unge, at han hadde stunda etter å kome over til Orknøyane, til frendane sine Magnus den heilage og sankt Ragnvald.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Audhild hadde vore fylgjekone til Sigurd Slembe og ho var dotter åt Torleiv Moddansdotrer.
  2. Det har vore reist tvil om Orknøyingasoga tek feil når det blir fortalt at det var kong Magnus Erlingsson som gav Harald Eiriksson jarlsnamn. I historisk samanheng verkar det tvilsamt at Harald Eiriksson vart jarl så tidleg som før 1184, då kong Magnus døydde det året. Ei forklaring er kanskje at Harald fekk berre ein lovnad av kong Magnus, som ved eit seinare høve (1196) vart stadfest av kong Sverre (ref.: P. A. Munch, Det norske folks historie, bind 7 side 37,38).
  3. Livolv Skalle var gift med Ragnhild, syster til Harald Unge

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Frakark Maddadsdatter (Frakokk) NBL1 bind 4 (s.220)
  3. William I the Lion Skotsk konge 1165-1214
  4. The Northern Earldoms, kapittel 6.3.1
  5. I Fagerskinna er nemnt: Harald jarl som fall i Vik.
  6. Orknøyingasoga, kapittel 109

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]