Harald III av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Harald Hardråde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald III av Noreg
Harald III of Norway.jpg
Fødd1015
FødestadRingerike kommune
Død25. september 1066
DødsstadStamford Bridge
FøregjengarMagnus den gode
EtterfølgjarMagnus Haraldsson

Harald III Hardråde (101525. september 1066) var norsk konge frå 1040. Han var son til småkongen Sigurd Syr og Åsta Gudbrandsdotter. Difor er han også kjend som Harald Sigurdsson.

Harald var halvbror til Olav den heilage (same mor) og truleg sonesons soneson til kong Harald Hårfagre. Etter slaget ved Stiklestad i 1030 måtte han flykta frå landet. Deretter slo han seg ned i Holmgard (dagens Novgorod) som gjest av kong Jaroslav.[1]

Fyrst var Harald Hardråde konge saman med Magnus I Olavsson den gode. Frå 1047 var han einekonge. Han var konge til 1066 då han fall i slaget ved Stamford bru. Harald Hardråde vert rekna som grunnleggjar av Oslo by. Grunnlegginga skal ha skjedd om lag år 1050.

Kongen var den tredje i den norske kongerekka som bar namnet Harald.

I Heimskringla av islendingen Snorre Sturlason kan ein lesa soga om Harald Hardråde og om andre norske kongar.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Jan Ove Ekeberg gav ut romanen Den siste vikingkongen. Djevelens rytter i 2018.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Harald III av Noreg