Harald Kolbeinson Guddal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Harald Kolbeinsson Guddal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Kolbeinson Guddal
Fødd 1798
Død

7. august 1887

Yrke politikar

Harald Kolbeinson Guddal (17987. august 1887) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Stryn i Nordfjord.

Guddal var gardbrukar på farsgarden. Han var 3. representant frå Nordre Bergenhus amtStortinget i 1842, der han var medlem av konstitusjonskomiteen. I 1836 var han 4. varamann.

Han døydde på slektsgarden i Stryn i 1887.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914