Harald Langåker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Langåker
Fødd1768
Død5. februar 1838 (69 år)
Verka sommusikar

Harald Andersson Langåker (17685. februar 1838)[1] var ein norsk gardbrukar og spelemann frå Nes i Buskerud. Han er den første kjende spelemann på hardingfele i nedre Hallingdal.

Harald var son av gardbrukaren Anders Langåker, opphavleg frå Garthus i Begnadalen. Anders vart gift med Gunhild Halvorsdotter Langåker på Nes, og budde på Langåker livet ut. Harald vart døypt i januar 1768. I 1795 vart han gift med Gunnhild Kittilsdotter, og eldste sonen Anders kom til same året. Attåt spelet, var Harald Langåker gardbrukar.[2] Langåker har truleg vore ein førande gard i Nes på denne tida.

Det er svært sannsynleg at Harald Langåker påverka og lærte opp Gudbrand Skjellerud, og er soleis byrjinga på ei bein tradisjonsline for slåttar i Nes fram til i dag. I si eiga tid har han nok og hatt omgang med Guttorm Olsson Grimelid frå Krødsherad, og jamvel påverka Gamle-Kleven. Spor etter Langåkerspelet kan dermed finnast både hjå Tor Grimsgard og Johan Kleven.

Det finst to springarar som ber namnet Langåkeren i dag. Den eine er spela på halv kvint eller ljosblått, og er rekna som ein av dei eldste i dalen (Hardingfeleverket, springar nr 567 etter Kristian Øvrevollseie). Den andre er meir kjend under namnet Grimeliden, og har opphav hjå Guttorm Grimelid frå Krødsherad.

Knut Lurås skal og ha møtt Harald Langåker og teke med seg ein gangar attende til Telemark. Slåtten ber enno namnet Langåkeren (Norsk folkemusikk nr 128a etter Gunnulv Borgen). I Bø er ein utvida form kalla Neshaugen (128b) etter Olav Groven.

Notar[endre | endre wikiteksten]