Harald Magnus Andreassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Magnus Andreassen
Harald Magnus Andreassen på Sentralbanksjefens årstale 2018 (190101).jpg
Fødd 4. november 1956
Yrke samfunnsøkonom

Harald Magnus Andreassen (fødd 4. november 1956) er ein norsk økonom.

Andreassen blei utdanna samfunnsøkonom (cand.oecon.) ved Økonomisk Institutt ved Universitetet i Oslo, som han gjekk ut frå i 1984. Han var tilsett i Den norske Bankforening frå 1984 til 1988 og i konsulentselskapet ECON frå 1989 til 1994. Frå 1994 var han sjeføkonom i Elcon Securities, og frå juni 1999 har han hatt same stilling i First Securities. Andreassen tek for seg næringsøkonomi og makroøkonomiske spørsmål rundt aksje- og obligasjonsmarknader.

Andreassen var også formann i Nasjonaløkonomisk gruppe i Polyteknisk forening frå 1994 til 2007, medlem av arbeidsutvalet i Polyteknisk forening frå 2001 til 2003 og har fleire andre verv innanfor feltet sitt. Han held foredrag og uttalar seg ofte til media om økonomiske spørsmål.

Ein masteroppgåve frå 2011 såg Andreassen som den mest treffsikre renteeksperten, ut av 11 økonomar som ofte kommenterar i media.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Andreassen, Harald Magnus» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).

Referanseliste[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bommer på halvparten», Bergens Tidende (på bokmål), henta 16. mars 2019