Harald Natvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Natvig
HaraldNatvig.jpg
Fødd 10. juni 1872
Stavanger kommune
Død

1. august 1947
Hjerkinn

Yrke skytter, lege

Harald Natvig (10. juni 18721. august 1947) var ein norsk lege og konkurranseskyttar, fødd i Stavanger. Han vann to olympiske gullmedaljar i skyting i 1920 og ei i 1924.

Natvig var son til ein skipper og skipsreiar. Han voks opp i Kristiansand og utdanna seg til cand.med. i 1898 og dr.med. i 1906. Natvig busette seg i Oslo og arbeidde mellom anna ved Rikshospitalet og ved fødselsstiftelsen i hovudstaden, overlækjar frå 1930.

Natvig var ein av dei beste skyttarane i Noreg på 1920-talet. Under Sommar-OL 1920 var han med på det norske firemannslaget som vann hjorteskytinga både i enkeltskot og dobbeltskot, dessutan fekk han bronsemedaljen individuelt i enkeltskot. Fire år seinare var han med å forsvare den norske OL-tittelen i enkeltskot lag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]