Harald Nybøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Harald Nybøen (fødd 18. august 1949 i Volda) er ein norsk statstenestemann. Han var departementsråd i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i perioden 1996 til 2012.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Nybøen tok hovudfag i sosiologi frå Universitetet i Oslo i 1976. Han vart ekspedisjonssjef i Barne- og familiedepartementet i 1991 og departementsråd i same departementet frå 1996. Frå april 1995 til november 1996 leidde han utvalet som mellom anna skulle utreia kva som konkret ligg i uttrykket «arbeid av lik verdi» i likestillingslova[1].

I ei bok av tidlegare statsråd i barne- og familiedepartementet Karita Bekkemellem frå 2009 vart det referert til fortrulege samtalar mellom Bekkemellem og departementsråd Nybøen, noko som vart kritisert som lite lojalt av Bekkemellem.

Nybøen gjekk av som departementsråd 7. mars 2012 som fylgje av dei kritikkverdige tilhøva i departementet som førte til at Audun Lysbakken gjekk av som statsråd dagen før. [2]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]