Harald Reinkind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Reinkind til venstre

Harald Reinkind (fødd 17. august 1992) er ein norsk handballspelar som vann meisterligaen 2020 for THW Kiel og fekk VM-sølv 2019 og EM-bronse 2020 med Noregs landslag. Han er venstrehendt rykkromspelar.

Reinkind spelte for Fyllingen Bergen fram til 2014, eit lag han vann kongepokalen med i 2012. Perioden 2014-18 gjorde han teneste i tyske Rhein-Neckar Löwen. Frå 2018 har han vore Kiel-spelar, der han var med å vinne den tyske pokalfinalen 2019 og seriemeisterskapen 2020. I desember 2020 skåra han eitt mål då THW Kiel vann 33-28 over Barcelona i finalen i meisterligaen.

Reinkind debuterte på Noregs landslag mot Tyskland 16. april 2011.Ti år seinare har han delteke i 119 landskampar og skåra 241 mål. Han var med i Noregs tropp til europameisterskapane 2014, 2016, 2018 og 2020, samt verdsmeisterskapane 2019 og 2021. Laget sikra seg sølvmedaljen under Handball-VM 2019 og bronsen under EM 2020.

Kjeder[endre | endre wikiteksten]