Harald Sæverud Museum Siljustøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siljustøl. Hovudbygningen er frå 1939, teikna av arkitekt Ludolf Eide Parr i samarbeid med Sæverud.

Harald Sæverud Museum Siljustøl, ei avdeling av KODE Kunstmuseene i Bergen, femner om ei stor part av det som var huset og eigedomen til komponisten Harald Sæverud og kona hans, Marie, og ligg i tidlegare Fana kommune, no i bydelen Ytrebygda i Bergen, om lag ein halv times bilkøyring sørover frå sentrum av byen. Harald Sæveruds arbeidsrom, flygel og personlege gjenstandar står slik dei var då han døydde i 1992. Huset og naturområdet ikring vart freda av Riksantikvaren i 2005.

Siljustøl vart offisielt opna som museum i samband med Harald Sæveruds 100-årsdag i 1997. Museet har som oppgåve mellom anna å fremme kunnskapen om Sæveruds liv og musikk. På museet vert det halde konsertar i samband med Harald Sævereuds fødselsdag og ved andre høve. Mellom anna har dei årlege Festspillene i Bergen arrangert konsertar her sidan 1994. Museums- og konsertverksemda høyrer inn under Edvard Grieg Museum Troldhaugen, som òg er ei avdeling av KODE Kunstmuseene i Bergen.

Eigedomen og ein part av huset, museumsdelen, vart i 1984 testamentert til ei stifting som vart kalla Marie Hvoslef og Harald Sæveruds stiftelse til fremme for av norsk musikk og billedkunst, og som skulle syte for at «Siljustøl skal beholde sin sjarme som støl». I 1993 vart museumsdelen av huset og eigedomen elles, overdrege til Bergen kommune. Eigedomen har eit stort og særs vent ute- turområde på i alt 176 mål, med mengd turstigar som publikum fritt kan gjere seg nytte av. Dette store naturområdet var ein viktig inspirasjon for Sæverud, som opphavleg hadde sett for seg eit tun med mange småhus på eigedomen, lik ein støyl. For Sæverud var ein støyl som eit sentrum i verda, halvt natur, halvt kultur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]