Harald Selås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Selås
Fødd17. august 1908
Tvedestrand
Død24. september 1986 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar, industriarbeider, motstandskjempar
Alle verv

Harald Selås (17. august 190824. september 1986) var ein norsk arbeidar og politikar frå Holt i Aust-Agder som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1945 til 1969.

Selås var son til ein gardbrukar. Etter han tok examen artium i 1928, var han dei neste to åra vognkøyrar og arbeidar. Frå 1930 til -34 arbeidde han ved Rjukan salpeterfabrikk. Perioden 1934-36 livnærte han seg som forsikringsinspektør i Samvirke. Han arbeidde deretter i fire år ved Norsk Hydro på Rjukan. Forretningsførar i Rjukan Arbeiderblad 1946-47.

Selås var medlem i Tinn heradsstyre 1938-40. Hausten 1945 vart han vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Telemark, og vart sidan attvald heile fem gongar. I den fyrste tingperioden, 1945-49, var han medlem i Sosialkomiteen. Frå 1950 til 30.9.1967 var han medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, dei to fyrste sesjonane (1950 og 1951) som sekretær. Dei to siste sesjonane som tingmann var han medlem av Industrikomiteen.

I 1951 vart Selås utnemnd til styreformann i Norsk Bergverk, A/S Grong gruver, A/S Rana gruver og A/S Skorovas gruver. Han gjekk av frå alle desse postane i 1956 og 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]