Harald Skjolds veg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Skjolds veg ved Nordåsvatnet

Harald Skjolds veg er ein veg på Skjold i Fana i Bergen kommune. Han går frå Skjoldlia og nordvestover under Fritz C. Riebers veg forbi Nordåstræet mot Langeneset i Nordåsvatnet. Vegen er 1,4 km lang og endar opp på Nordås.

Vegen er kalla opp etter bankrevisor Harald Skjold (1912-1942) som vart avretta av tyskarane under den andre verdskrigen for illegalt arbeid.

Bergens Roklubb heldt til ytst i Harald Skjolds veg på Langeneset. Steinerskolen på Skjold ligg òg i denne vegen.

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.