Harald Torfinn Thune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Torfinn Thune
Harald Torfinn Thune.jpg
Fødd 12. mai 1952
Yrke politikar, jurist

Harald Torfinn Thune (fødd 12. mai 1952) frå Sygnefest i Gulen kommune er konstituert fylkesmann i Rogaland.

Thune gjekk realskule på Balestrand og gymnas i Sogndal. Han tok vidare juristutdanning ved Universitetet i Bergen.

Tidlegare verv[endre | endre wikiteksten]

  • Sakshandsamar i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, Prisavd. - 1979 til 1982
  • Juridisk konsulent i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Plan- og utbyggingssjefen - 1982 til 1985
  • Kontorsjef hjå fylkesrådmannen same stad. feb.- mai 1984
  • Avdelingsleiar, Kommunal- og administrasjonsavdelinga, Fylkesmannen i Rogaland – 1985 til 1987
  • Konstituert fylkeskontorsjef, Fylkesmannen i Rogaland des. 1987 til nov. 1989
  • Skikka som fylkeskontorsjef/assisterende fylkesmann, Fylkesmannen i Rogaland november 1989
  • Fungerande/konstituert fylkesmann i Rogaland nov. 1991 til august 1993

Fylkesmann[endre | endre wikiteksten]

Thune vart fyrst fungerande fylkesmann i Rogaland i oktober 2007 i samband med at den konstituerte fylkesmannen, Tora Aasland vart utnemnd til minister for forsking og høgare utdanning med umiddelbar verknad. Thune vart likevel konstituert fylkesmann frå desember 2007.

Thune er gift og har tre born.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]