Harald Warholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Warholm
Fødd 21. juli 1920
Død 10. februar 1967
Parti Høgre

Harald Warholm (21. juli 192010. februar 1967) var ein norsk fiskar og politikar frå Brønnøy. Han representerte Nordland og partiet HøgreStortinget frå 1958 til han døydde vel ni år seinare.

Warholm var son til ein fiskeskipper. Etter middelskulen 1935-37 valde han sjølv same næringsvegen som far sin, og gjekk i unge år eit kurs i navigasjon og radiopeiling. Frå 1947 var han fiskeskipper til han hausten 1957 vart vald til stortingsrepresentant. Sidan vart han attvald i 1961 og 1965. På Stortinget fekk han plass i Sjøfarts- og fiskerikomiteen, der han hadde plass til han døydde i 1967. Vararepresentanten til Høgre i Nordland, Bodil Aakre, rykte då opp til fast representantplass.

Warholm var medlem av Brønnøysund kommunestyre i perioden 1960-63 og deretter i Brønnøy kommunestyre frå 1964 til han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]