Harald Wergeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om fysikaren. For offiseren, hans oldefar, sjå Harald Nicolai Storm Wergeland.

Harald Wergeland (fødd 14. mars 1912 på Norderhov, død 5. januar 1987 på Eidsvoll)[1] var ein norsk teoretisk fysikar.

Etter examen artium på Eidsvoll blei han kjemiingeniør frå NTH i 1936, og dr. philos. frå Universitetet i Oslo 1942, visiterande hos Werner Heisenberg i Leipzig 1937-39 og under Egil Hylleraas i Oslo 1939-45. Han var professor i teoretisk fysikk ved NTH frå 1946 og blei i 1947 med i Atomutvalet leia av Svein Rosseland.[2] Han stilte seg tvilande[3] til om landet trong Haldenreaktoren i 1955 og var pådrivar for Det Nordiske Institutt for Teoretisk Atomfysikk (NORDITA) som blei oppretta i København i 1957. Etter aldersgrensa gjekk han i 1979 over til seniorstipendium i Forskningsrådet.

Wergeland forska på eksperimentell kjernefysikk, saman med Johan Peter Holtsmark og Roald Tangen, fysikalsk kjemi, kosmisk stråling, mangepartikkelproblem som kondensasjon av gassar til væsker, helium ved låge temperaturar, og spreiingsproblem i akustikk og i kvantemekanikk.

Forresten grunnla han den norske greina av Pugwash-rørsla saman med Sven J. Cyvin og Tormod Førland, begge professorar i fysikalsk kjemi ved NTH. Wergeland var òg ein av leiarane i Aksjon mot Atomkraft.[4] Wergeland var oldebarn på farfarsida av offiseren Harald Nicolai Storm Wergeland (1814-93). Han var far til Ebba Wergeland (f. 1946) og Nicolai Wergeland som begge er legar.[5][6]

Verv og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. {{Harald Wergeland. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Harald_wergeland
  2. Norge for alvor med i atomforskningen, 20.3.1947 
  3. Dristig å bygge atomkraftanlegg før man kjenner de helsemessige problemer, VG, 21.5.1955 
  4. Ole-Christian Sjølie (21.4.1975), Professor regnet feil, VG 
  5. Om Wergeland i Teknologihistorieprosjektet NTNU.
  6. Harald Wergelands private arkivFinst ved NTNU Universitetsbiblioteket Dorabiblioteket