Harastølen

Koordinatar: 61°26′26.948″N 7°25′38.798″E / 61.44081889°N 7.42744389°E / 61.44081889; 7.42744389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°26′26.948″N 7°25′38.798″E / 61.44081889°N 7.42744389°E / 61.44081889; 7.42744389

Harastølen, 2006.
Foto: Per Olav Bøyum
Harastølen, juli 2015.
Foto: Kurt George Gjerde

Harastølen eller Luster sanatorium er ein tidlegare institusjon i Luster kommune i Vestland som har vorte nytta til tuberkulosesjukehus, psykiatrisk sjukehus og asylmottak.

Harastølen vart opna 2. november 1902. Bygningskostnadane var på 777 000 kroner. Ved opninga hadde sanatoriet 96 sengeplassar. I 1924 vart kapasiteten utvida til 120 senger, og i 1950 til 150 senger.

Luster Sanatorium ligg i fjellsida over Luster, 500 meter over havet. Ei årsak til plasseringa var det gunstige klimaet inne i Lustrafjorden. I tillegg var ein tidleg klar over kor viktig det var med rettar til vasskraft, og Luster Sanatorium hadde ein av de aller fyrste private vassturbinane i Noreg.

Frå dampskipskaia i Luster gjekk ei elektrisk taubane opp til sanatoriet. Ein sju kilometer lang veg med tretten hårnålssvingar fører også opp til Harastølen. Taubana var i drift fram til starten av 1990-talet. På grunn av plasseringa og smittefaren var der eit eige samfunn på Harastølen, og institusjonen var sjølvforsynt med straum frå vassturbin. Etterkvart kom overlegebustad, systerbustad for dei tilsette, to familiebustadar for fyrbøtar og gartnar, kapell med likhus, postopneri, vaskeri, ishus og stall. Jacob Kjøde og andre rikfolk frå Bergen donerte i 1937 eit eige filmframvisingapparat til institusjonen, og det var kinokveld ein gong i veka. Biblioteket hadde 17 000 titlar. Institusjonen hadde også eigen grisefjøs, og då kosthaldet skulle gjere at pasientane gjekk opp i vekt, sørgde ein for at grisane hadde eit ekstra lag med spekk.[1]

Like etter andre verdskrigen kom det kur mot tuberkulose (medikamentet streptomycin), og grunnlaget for drifta forsvann. Bygningen vart deretter nytta som psykiatrisk sjukehus. Frå 1991 stod Harastølen igjen tomt, då tidlegare bygningar frå kraftutbygging stod tome i Gaupne, og desse vart nye lokale for psykiatrisk sjukehus.

Fram til midten av 1990-talet var Harastølen asylmottak for flyktningar frå tidlegare Jugoslavia. Sidan asylmottaket vart avvikla har bygningsmassen stått tom.

I laupet av dei om lag 20 åra Harastølen har stått tomt er bygningsmassen vorte prega av forfall. Fleire interesserte har presentert idèar og planar for drift og utvikling, men liten innsats er gjort for å stogge forfallet på bygningsmassen. Det har vore, og er, ein pågåande diskusjon om å rive bygget eller ikkje.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lyster Sanatorium – Harastølen Sogn og Fjordane fylkesleksikon
  2. «Riving av Harastølen aktuelt» NRK Sogn og Fjordane, 24. april 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Harastølen