Hard Habit to Break

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hard Habit to Break
Singel av Chicago
frå albumet Chicago 17
B-side «Remember The Feeling»
Utgjeve 2. juli 1984
Innspelt 1983-1984
Sjanger Softrock[1]
Lengd 4:44
Selskap Full Moon/Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Steve Kipner, John Lewis Parker
Produsent David Foster
Chicago-kronologi
«Stay the Night»
(1984)
Hard Habit to Break «You're the Inspiration»
(1984)


«Hard Habit to Break» er ein song skriven av Steve Kipner og John Lewis Parker, produsert og arrangert av David Foster og spelt inn av gruppa Chicago i 1984 for albumet Chicago 17, med Bill Champlin og Peter Cetera på solovokal. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100.[2] «Hard Habit to Break» nådde òg tredjeplassen på Adult Contemporary-lista.[3] I Storbritannia nådde han åttandeplass på UK Singles Chart.[4] Singelen vart nominert til årets singel i USA og vann Grammy-prisen for beste instrumentale arrangement med vokal.

Den puertoricanske songaren Glenn Monroig spelte inn ein spanskspråkleg versjon av songen kalla «El Vicio Que No Puedo Romper» for albumet Apasionado (1986).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Explore: Soft Rock | Top Songs | AllMusic». Web.archive.org. 12. november 2011. Henta 17. oktober 2015. 
  2. «Chicago charts». Official Charts Company. Henta 17. oktober 2015. 
  3. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 55. 
  4. «Chicago 17 Awards». Allmusic. Henta 17. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]