Hard to Say I'm Sorry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hard to Say I'm Sorry
Singel av Chicago
frå albumet Chicago 16
B-side «Sonny Think Twice»
Utgjeve 17. mai 1982
Innspelt 1982
Sjanger Poprock, softrock
Lengd 5:06 (album, med «Get Away»)
3:51 (alternativ)
3:40 (singel)
Selskap Full Moon/Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Peter Cetera og David Foster
Produsent David Foster
Chicago-kronologi
«Song for You»
(1980)
Hard to Say I'm Sorry «Love Me Tomorrow»
(1982)


«Hard to Say I'm Sorry» er ein song av den amerikanske rockegruppa Chicago. Han vart skriven av bandmedlemmet Peter Cetera og produsenten David Foster, og kom ut den 17. mai 1982 som den første singelen frå albumet Chicago 16. Songen låg to veker på toppen av Billboard Hot 100 i september det året.[1] Det var den første hitten deira på topp 50 i USA etter «No Tell Lover» i 1978.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen, og heile albumet som songen er på, markerte ei ny retning for Chicago frå den tradisjonelle blåsar-drivne stilen til ein meir polert og moderne stil. Det var minimalt med blåsarar på songen, som i staden nytta fleire lag med synthesizerar og tyngre, forvrengd elektrisk gitar i 80-talsstil. Dette vart gjort for å fornye bandet, etter at dei hadde hatt nokre år med dårlege salstal.

Albumversjonen av «Hard to Say I'm Sorry» glir rett over i ein annan song kalla «Get Away», som låg tettare til den eldre, blåsar-drivne Chicago-stilen. Dei fleste radiostasjonane spelte ikkje heile albumsporet, men valte å kutte songen før han glei over i «Get Away.»

I tillegg spelte fleire studiomusikarar på «Hard to Say I'm Sorry» featured. Produsenten David Foster spelte piano og tre medlemmar frå det amerikanske rockebandet Toto: Steve Lukather på gitar og David Paich og Steve Porcarosynthesizerar. Songen vart sungen av Peter Cetera.

Songen vart òg nytta i filmen Summer Lovers i 1982.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Bandet framfører songen i eit svartfarga rom med diamantar på veggane.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australia[2] 4
Austerrike[3] 5
Belgia (Flandern)[4] 15
Canada[5] 1
Tyskland[6] 6
New Zealand[7] 13
Sveits[8] 1
UK Singles Chart[9] 4
US Billboard Hot 100[1] 1
US Adult Contemporary[1] 1

Az Yet-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Hard to Say I'm Sorry
Singel av Az Yet med Peter Cetera
frå albumet Az Yet
Utgjeve 3. februar 1997
Innspelt 1996
Sjanger R&B, adult contemporary
Lengd 3:17
Selskap LaFace Records
Låtskrivar(ar) Peter Cetera og David Foster
Produsent Babyface
Az Yet med Peter Cetera-kronologi
«Last Night»
(1996)
Hard to Say I'm Sorry «You're the Inspiration»
(1997)


I 1996 spelte R&B-bandet Az Yet ein versjon av songen på debutalbumet deira. Singelen, som hadde med Peter Cetera på vokal, vart produsert av Babyface og nådde topp 10 på Billboard Hot 100. Han vart nominert til ein Grammy for beste song av R&B-gruppe.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1997) Plassering
Australia[10] 5
Canada[11] 26
Nederland[12] 3
Tyskland[13] 72
New Zealand[14] 1
Sverige[15] 59
UK Singles Chart[16] 7
US Billboard Hot 100[17] 8
US Rhythmic Top 40[17] 9

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Sampling[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Chicago – Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 17. august 2012. 
  2. «Hits of the World – Australia». Billboard 94 (41): 79. 16. oktober 1982. ISSN 0006-2510. Henta 15. januar 2013. 
  3. «Chicago – Hard to Say I'm Sorry – Austerrikencharts.at». Austerrikencharts.at (på tysk). Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  4. «Ultratop.be – Chicago – Hard to Say I'm Sorry». Ultratop (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  5. «50 Singlar». RPM 36 (4). 11. september 1982. ISSN 0033-7064. Henta 15. januar 2013. 
  6. «Top 100 Single». Charts.de (på tysk). Media Control. Henta 15. januar 2013. 
  7. «Charts.org.nz – Chicago – Hard to Say I'm Sorry». Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  8. «Chicago – Hard to Say I'm Sorry – Hitparade.ch». Hitparade.ch (på tysk). Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  9. «1982-10-09 Top 40 Official UK Singlar Archive | Official Charts». Official Charts Company. Henta 15. januar 2013. 
  10. «Australian-charts.com – Az Yet feat. Peter Cetera – Hard to Say I'm Sorry». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  11. «100 Hit Tracks». RPM 65 (18). 7. juli 1997. ISSN 0033-7064. Henta 15. januar 2013. 
  12. «Dutchchart.nl – Az Yet feat. Peter Cetera – Hard to Say I'm Sorry». GfK Dutch Charts (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  13. «Single – Az Yet feat. Peter Cetera, Hard to Say I'm Sorry». Chart.de (på tysk). Media Control. Henta 15. januar 2013. 
  14. «Charts.org.nz – Az Yet feat. Peter Cetera – Hard to Say I'm Sorry». Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  15. «Swedishcharts.com – Az Yet feat. Peter Cetera – Hard to Say I'm Sorry». Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. januar 2013. 
  16. «1997-06-21 Top 40 Official UK Singlar Archive | Official Charts». Official Charts Company. Henta 15. januar 2013. 
  17. 17,0 17,1 «Az Yet – Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 15. januar 2013. 
  18. Aquagen - Hard To Say I'm Sorry (CD). Discogs.com.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]