Hardanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Distrikt i Hordaland:██ Nordhordland██ Midhordland██ Sunnhordland██ Hardanger██ Voss
Hardanger

Hardanger er ein region i Hordaland fylke. Området strekkjer seg frå Jondal kommune og Kvam herad i vest, opp langs Hardangerfjorden, inn til Eidfjord kommune i aust og ned Sørfjorden til Odda kommune i sør.

Området består av kommunane Jondal, Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda. I tillegg kan delar av Kvinnherad kommune verta rekna med i Hardanger. Sidan oppblomstringa av den norske nasjonalromantikken har Hardanger vore kjend som ein av dei vakraste og mest rotekte delane av landet. Måleriet Brudeferd i Hardanger frå 1848 av Tidemand og Gude har i ettertida blitt ståande som det viktigaste frå den nasjonalromantiske perioden på 1800-talet. Landskapet har trekt til seg både norske og utanlandske turistar. Fruktbløminga om våren er vidt kjend. Hardangerbunaden er brukt både lokalt og i resten av landet.

Hardanger er særleg kjend for lange og smale fjordar med eit mildt klima som er særleg gunstig for fruktdyrking. Andre typar jordbruk og båtbyggjing har lenge vore næringsvegar i området, medan tungindustrien er blitt den viktigaste levevegen i industristadane Odda, Tyssedal og Ålvik i nyare tid.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 13 går frå sør til nord gjennom Hardanger med ferjesamband over Eidfjorden frå Brimnes til Bruravik. Riksveg 7 over Hardangervidda fylgjer Sysendalen ned til dei imponerande veganleggena i Måbødalen med Vøringsfossen. Til sist kjem ein ned til tettstaden Eidfjord. Riksveg 7/Fylkesveg 7 mellom Halne på Hardangervidda og Tokagjelet vest for Norheimsund, har status som nasjonal turistveg.

I 50 år gjekk det an å reisa med tog til Hardanger. Hardangerbana var ein 27,5 km lang elektrisk jarnbane som gjekk frå Bergensbanen og Voss til Granvin stasjon ved Granvinsfjorden. Bana vart opna i 1934. Persontrafikken vart nedlagd i 1985, godstrafikken i 1989.

Hardingar og hardingfele[endre | endre wikiteksten]

Ein person som kjem frå Hardanger vert gjerne kalla for ein harding. Namnet Hardingfele eller Hardangerfele skal koma av at feletypen fyrst vart bygd i Hardanger. Namnet Hardanger tyder hordane sin fjord. Namnet hordane kjem av folkenamnet Horðar på norrønt språk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]