Hardanger Folkemuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°25′33.798″N 6°37′9.3468″E

Hardanger Folkemuseum på Utne
Foto: Jarle Vines

Hardanger Folkemuseum er eit museum som ligg på Utne, ytst på Folgefonnhalvøya. Det vart skipa i 1911.[1]

Muséet har temautstillingar rundt Hardanger sin kultur og historie, og dessutan varierande kunstutstillingar.

Noko av det muséet viser fram, er ei gjenskaping av eit klyngjetun frå tida før 1800-talet, ein gamaldags frukthage, eit gamalt skulehus frå Djønno, ei samling av bunader, hardingfeler, naust og ein landhandel. Det er Hardanger Folkemuseum som eig friluftsmuséet Skredhaugen utanfor Lofthus, og muséet samarbeider med Agatunet.

Muséet har ope heile året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hardanger folkemuseum - Om oss». Hardanger folkemuseum. Henta 24. oktober 2016.