Hardangerfjord sjøforsvarsavsnitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hardangerfjord sjøforsvarsavsnitt vart oppretta 12. april 1940 etter ordre frå Sjøforsvarets overkommando. Sjef vart kaptein F. Ulstrup og hovudkvarteret vart lagt til Uskedal, der kaptein Hauge alt hadde organisert ei vakt- og rapporteringsteneste som dekte heile dei ytre fjordområda. Avsnittet samla dei norske marinefartøy og sjøfly som var att sør for Bergen og hadde som hovudoppdrag å stengje Hardangerfjorden for tysk sjøverts trafikk. Avsnittet vart vurdert som oppløyst etter harde kampar både til lands og til sjøs 18., 19. og 20. april, der dei norske fartøya antan vart senka eller tekne av tyskarane. Kaptein Ulstrup kom likevel attende til Uskedal og heldt fram kampen, mellom anna ved å leggja ut miner frå motorbåtar, og til slutt til og med frå ein robåt.