Hardangerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hardangerfjorden
fjord
Land  Noreg
Del av Nordsjøen
Lengd 179 km
Kart
Hardangerfjorden
60°10′00″N 6°00′00″E / 60.166666666667°N 6°E / 60.166666666667; 6
Wikimedia Commons: Hardangerfjorden
Midt i biletet ligg Norheimsund sentrum med Sandvenholmen og over stikk Aksnes ut i ytre Samlafjorden. Øvst i biletet skimtar ein Folgefonni.
Utsyn over Odda med Sørfjorden i bakgrunnen, ein sidearm av Hardangerfjorden.
Kjeåsen ved Simadalsfjorden, den inste delen av Hardangerfjorden.

Hardangerfjorden er 179 km lang og den tredje lengste fjorden i verda og den nest lengste i Noreg. Han ligg i Hordaland fylke i området kalla Hardanger. Fjorden går frå Sunnhordland i vest til Odda lengst inn mot Hardangervidda. Største målte djupne er på 893,1 meter utanfor Ålvik vel halvveges inn i fjorden. Isbreen Folgefonni ligg på sørsida av Hardangerfjorden. Hardangervidda ligg aust for fjorden.

Dei enkelte delane av fjorden har eigne namn. Frå innløpet til botn av fjorden er desse Bømlafjorden, Halsnøyfjorden, Husnesfjorden, Kvinnheradsfjorden, Sildafjorden, Hissfjorden, Ytre Samlafjorden, Indre Samlafjorden, Utnefjorden, Eidfjorden og Simadalsfjorden. Den 38 km lange Sørfjorden er den lengste sidearmen.

Fylgjande herad har kyst mot fjorden: Bømlo, Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Odda, Stord, Sveio, Tysnes, Ullensvang og Ulvik. I desse kommunane bur det totalt opp mot 50 000 innbyggjarar. Hardangerbrua er ei bru som opna i 2013 og erstatta ferjesambandet mellom Bruravik og Brimnes.

For om lag 10 000 år sidan byrja den skandinaviske landmassa å stige etter at den enorme iskappa byrja å smelte. Dei lågare delane av dalane vart oversvømd og danna det som i dag er Hardangerfjorden. Dalen og fjorden vart ikkje berre danna av erosjon frå isbreen, men frå det høge trykket av smeltevatnet som pressa seg under isbreen.

På Folgefonnhalvøya, som ligg mellom Sørfjorden og sjølve Hardangerfjorden, ligg Folgefonna som er den tredje største isbreen i Noreg. Dei tre delane av breen dekkjer eit område på 220 km² og vart i 2005 omgjort til ein nasjonalpark.

Den menneskelege historia til fjorden går tilbake til tida før vikingane då jegerar jakta i dei omliggande fjella, og seinare slo seg ned langs fjorden, der dei dyrka den frodige jorda. Området vert i dag rekna som ein av «frukthagane» i landet. Seinare byrja fjorden å trekke til seg store mengder turistar og i 1875 starta Thomas Cook vekentlege avgangar frå London til Hardangerfjorden på grunn av den flotte naturen, isbreane og dei store fossefalla. Ikkje lenge etter vart mange av dei store fossane nytta til produksjon av vasskraft, slik som i Odda.

Produksjon av 66 000 tonn oppdrettsfisk årleg (2007) gjer Hardangerfjorden til ein av dei fire største oppdrettsområda i verda.

Side- og delfjordar[endre | endre wikiteksten]

Fjordane er sortert frå innløpet i vest og innover i fjorden. Sidefjordar og fjordarmar er sortert med ekstra innrykk frå innløp til botn av fjorden. I parentes står lengda på dei forskjellige delfjordane og sidefjordane.