Hardangerkutter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hardangerkutter er nemninga på ein lokal variant av båttypen kutter som særleg vart bygd i Hardanger og Sunnhordland. Hardangerkutterane skil seg frå mørekutterane ved meir utlagd hekk, flatare botn og meir langsmal skrogform.

Mange kutterar vart innførte frå England og var eit førebilete for dei norske skipsbyggjarane. Men det var òg folk frå Noreg som fekk stipend og vart sende til Holland for å læra å byggja sluppar slik dei bygde dei der.

Dei eldre norske kuttarane eller sluppane som dei òg vart kalla i Hardanger og Sunnhordland var frå gamalt av «dryge» i skroget, men etterkvart vart dei smekrare akter og til sista vart dei òg smekrare i baugen. Desse fartøya utvikla seg jamt med jakta, truleg frå 16–1700-talet.

Spesielt for kutterane frå Sunnhordland og Hardanger den siste tida var at dei var bygde for rask seglas, «sildasegling», i motsetnad til t.d. mørekutterane som vart bygde for å tola meir grov sjø, med brattare hekk og meir spring og gjerne meir kubben form. I Sunnhordland og Hardanger var hovudtrekka at hekken låg meir utover og botnen/botnreiset flatare og meir strekt i lengda. Bakdelen med desse skroga var at dei slo meir både framme og akter i grov sjø; dei dreiv òg meir enn mørekutterane og dei engelske kutterane når dei låg «bakka på» i dårleg vêr.

Dei fleste hardangerkutterane vart bygde i Sunnhordland. Nokre av dei mest kjende stadene er Ølve, Rosendal, Sunde, Halsnøy, Sagvåg og Jondal. Men det vart bygt fartøy ved kvar strand der dei hadde tilgjenge på materiell og fagfolk til å leia arbeidet. Desse reiste mykje rundt i byrjinga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]