Hardangertun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hardangertun er ein campingplass ved fjordkanten i Kinsarvik i Ullensvang. Hardangertun har også eigen leirskule og tilknytt familiepark.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1950 starta Nils L. Instanes opp Hardanger Planteskule på tomta til det som i dag er Hardangertun. Fordi planteskulen fekk mykje folk på vitjing, valde Instanes å starta opp kafé. Kaféen arrangerte etter kvart også utedans mellom frukttrea, og vart til slutt utvida til campingplass. I 1962 valde Instanes å leiga ut Hardangertun, for sjølv å reisa til USA for å driva restaurant.

I 1979 vende han attende til Noreg og bygde ut campingplassen Hardangertun med familiehytter, saman med kona Ingebjørg.

I 1982 vart Hardangertun Leirskule etablert.

I 2004 kjøpte Hardangertun opp Hardanger Feriepark, og gav han namnet Familieparken Hardangertun.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

I dag har Hardangertun overnattingskapasitet til over 200 personar + teltplasser.

Leirskulen er blant landets mest besøkte. Her kan ein tilby både fjellklatring, kabelbane, rapellering, bogeskyting, kanopadling, fiske og sjøvet, luftgeværskyting, fyrstehjelp, lokal kulturhistorie og turar i Husedalen.

Familieparken kan tilby både minigolf, vassklier, badebasseng, hoppetelt, bilbane, bondegard, trampoline, båtar og eigen kafé.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]