Hardangervegen 1 og 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hardangervegen 1 og 3 framfor Birkeland kyrkje i 2009.

Hardangervegen 1 og 3 eller Hardangervegen 1 og Hardangervegen 3, fram til om lag 1910 kjend som Nesttuns Hotel, er to verneverdige hus i Hardangervegen 1 og 3 på Fylkesveg 185Nesttun i Fana i Bergen.[1][2] Fram til ein brann rundt 1910 vart husa drivne som hotell i fleire tiår.[1][2][3][4] Husa vart bygde opp att i 1913 og vart då brukt som bustad for dei tilsette på Nesttun Uldvarefabrikk.[2][4] I 2011 vart husa kjøpt opp av Heko Eiendomsutvikling etter tiår med ulike eigarar.[4][5] Husa fall meir og meir frå kvarandre, men på grunn av sin status som verneverdige hadde ikkje Heko Eiendomsutvikling høve til å rive dei.[3][5] I 2013 måtte ein likevel rive Hardangervegen 1, og vart lovpålagd å bygje huset opp at slik var tidlegare.[2][3][4][5] Husa stod ferdig restaurert i 2016.[6]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Nesttuns Hotel». Revyen illustreret ugeblad. 24. juli 1897. Henta 16. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Nesttuns skamplett er borte». Bergens Tidende. 13. januar 2013. Henta 16. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Er dette verneverdig?». Bergens Tidende. 22. desember 2012. Henta 16. januar 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Stor interesse for Nesttun-rønnen». Bergens Tidende. 23. august 2013. Henta 16. januar 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Treg start for historiske hus». Bergens Tidende. 27. desember 2013. Henta 16. januar 2015. 
  6. «Fortauet åpnet etter tre års ventetid». Fanaposten. 2. januar 2017. Henta 13. februar 2017.