Hardangsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hardangsfjorden er ein fjordarm av Bindalsfjorden i Bindal kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 6,5 km austover til Bjørnvika i botn av fjorden.

Fjorden har innløp ved sundet Gauphola mellom halvøya Gavlen i vest og Hovøya i aust, og Hovøysundet, som går på søraustsida av Hovøya.

Fleire øyar og viker dannar ei ujamn kystlinje. I nord ligg Svarthopen og Granåshopen på nordsida av Fulsaltøya. Lenger aust ligg Valen, Øysundet og Jektvika. Den inste delen av fjorden vert kalla Vågen og her går Bjørnvika lengst inn i sør, Nebbengsbukta ligg i midten og i nord ligg Hardangsbukta med garden Hardangen, som fjorden er kalla opp etter ved botn av bukta.