Hardcore punk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hardcore er ein subsjanger av punk. Musikkstilen kan skildrast som ein hardare og meir brutal versjon av punk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphaveeg viste hardcore til «den harde kjerne med punkarar» (the hard core of punks). Altså dei punkarane som «gidda å gjere noko sjølv», dei som tok ansvar for å gje ut plater sjølv, sette opp konsertar, gje ut fanziner, og dei som blei igjen i miljøet etter at 1977-punken hadde mista medias interesse. Musikken kan karakteriserast ved eit hardt, gitardrive lydbilete med ein ropande eller nesten skrikande vokal. Sjangeren sitt namn blei popularisert gjennom canadiske DOA sitt album frå 1981 «Hardcore '81». Men engelske Discharge og amerikanske Bad Brains vert rekna for å vere pionerane.

Det norske bandet Kvelertak vert rekna som eit hardcore band.
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.