Hardingfele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hardingfela)
Hardingfele

Hardingfele laga av Knut Gunnarsson Helland
Klassifiseringbokslutt med hals spelt på med boge
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-71

Ei hardingfele, stundom òg kalla hardangerfele, er eit strykeinstrument som liknar mykje på den vanlege fela – som i folkemusikksamanheng gjerne vert kalla flatfele - men skil seg frå denne ved at det under dei fire vanlege strengene ligg 4-5 understrenger - re­so­nans­streng­er - som kling med når dei vanlege strengene blir spela på. Hardingfela blir mykje bruka i norsk folkemusikk — særleg i Hardanger og Telemark, men i nyare tid òg nordetter til Valdres, søretter til Setesdal og mykjegodt på Vestlandet nord til Sunnmøre. I resten av Noreg var hardingfela mykje i bruk tidleg på 1900-talet, men gjekk tilbake til fordel for den vanlege fela att.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei fiðla avbilda i 2009.

Hardingfela oppstod truleg på 1600-talet som ei blanding av eldre norske strengeinstrument, som fiðla, og europeiske fiolintypar.[1]

Isak Nilssen Botnen vert rekna som oppfinnaren av hardingfela, medan sonen hans Trond Isaksen Botnen laga omkring tusen hardingfeler i si tid. Mellom 30-40 av desse felene er framleis i orden, og ei av desse er den eldste norske fela som endå ikkje er øydelagd. Hardingfela oppstod truleg som ei samansmelting av eldre norske strengeinstrument som fiðla. Den eldste hardingfela derimot, Jaastadfela, vart laga i 1651 av lensmann Ole Jonsen Jaastad i Ullensvang. Denne fela har, motstridande til den moderne fela, berre to understrenger i staden for fire. Dette gjer til at fela ikkje gjer like mykje klang, ettersom den har to færre understrenger.

Dei eldste kjende opptaka av hardingfelespel frå Noreg er voksopptak frå 1903/1904.[2]

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Ei hardingfele er ofte rekna som mykje meir enn berre eit instrument, det vert også kategorisert som kunstverk. På ei flott hardingfele er kroppen på fela dekorert i diverse fargar og utskjæringar. Det er ofte vanleg å la fleire dekorere ei hardingfele samstundes. I tillegg til dette er «hovudet» på fela ofte utskoren som ein figur, gjerne ein drake eller eit troll.

Ei hardingfele vert ofte delt inn i to hovudgrupper, alt etter kor gamle dei er:

Den yngre hardingfela
  • Mykje dekorering
  • Ofte 4 resonansstrenger
  • Ein kan sjå rett igjennom f-hóla på fela, altså ein kan sjå igjennom fela på sida
  • Fingerbrettet er flatare og kortare enn på den gamle fela. Det same er halsen
  • Fingerbrettet og halsen er ofte kortare
  • Strengene er tynnare og lettare
Den eldre hardingfela
  • Forma er heilt annleis; smalare og meir tydlege kantar
  • Halsen er ofte rett (som på dei fleste fiolinar frå før 1800, kor halsen ikkje har blitt ombygde i ettertid) medan på den yngre bøyer den bakover
  • Det finst ingen lister innvendig
  • ”Bassbjelken” har blitt skore i eitt med lokket

Bruk av hardingfela[endre | endre wikiteksten]

Hardingfela er ofte kjent for å vere brukt av folk frå Telemark, Numedal, Hallingdal, Valdres, Setesdal og Hardanger. Vidare er det også kjent at folk frå nordlege vestlandet, heilt opp til Sunnmøre tok i bruk hardingfela når dei laga musikk.

Ettersom hardingfela eigentleg er eit soloinstrument, vert det ofte gjort dans medan ein musikar framfører ein slått. Musikaren sit ofte på ein stol medan han trampar i golvet til takta. Det er ofte vanleg at dei som dansar til musikken trampar samstundes med musikaren, men dette skjer ikkje alltid. Den kanskje mest kjende dansen som vert dansa til hardingfelemusikk er hallingdansen. I hallingdansen vert ofte føtene sett i sentrum. Dansaren bruker føtene til å hoppe og sprette med, men også til å sparke høgt.

Den mest kjende norske stykket som er laga for hardingfele er truleg Fanitullen

Stemming[endre | endre wikiteksten]

Hardingfela er, liksom for eksempel ein trompet, eit b-instrument. Det vil sei at dersom ei fele spelar ein C frå notane, tilsvarar det ein Bb på eit piano.

Det finst ingen fasitsvar på korleis ei hardingfele skal stemmast, men den vert oftast stemt slik at resonansstrengane vibrerer når ein spelar ein av dei øvste strengane laust. Dette gjer til at ein får to tonar samstundes, og som lagar den «klangen» hardingfela er kjend for.

Ein kjend norsk måte å stemme er hardingfele på er trollstemming eller trollstilling. Trollstemminga vert blant anna brukt i Fanitullen og er ein av dei vanlegaste stemmingsmåtane når ein lagar moderne norsk folkemusikk. Ein myte seier at oppfinnaren av trollstemminga hadde prøvd å stemme fela si på forskjellige måtar heile natta, men då soloppgangen kom, vart han inspirert av det han såg, og stemde fela for å spegle kjensla han fekk. Trollstemming vert stemt frå øvste til lågaste streng (A-E-A-C♯).

Hardingfele som symbol[endre | endre wikiteksten]

Hardingfela inngår i kommunevåpenet til Granvin herad i Hardanger, og kommune i Telemark. Begge kommunar har rike tradisjonar for hardingefelemusikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Græsvold, Hans Magne; Ledang, Ola Kai (14. desember 2016). «Hardingfele». Store norske leksikon. Henta 21. februar 2019. 
  2. Krüger, Frida (21. april 2020), «Norges eldste opptak av folkemusikk funnet på voksruller hos skraphandler», NRK (på norsk bokmål), henta 22. april 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]