Harem i Syria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harem
حارم
by
Land  Syria
Guvernement Idlib
Distrikt Harem
Nahiyah Harem
Høgd 175 moh.
Koordinatar 36°12′N 36°31′E / 36.200°N 36.517°E / 36.200; 36.517
Folketal 21 934  (2008)
Kart
Harem i Syria
36°12′28″N 36°31′09″E / 36.207643°N 36.519208°E / 36.207643; 36.519208
Wikimedia Commons: Harem, Syria

Harem (arabisk حارم) er ein by i Syria i Idlib guvernement. Han ligg 160 meter over havet og har eit innbyggjartal på 21 934 (2004). Harem ligg ved grensa til Tyrkia, 55 km vest for Aleppo.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det ligg ei viktig borg i Harem som vart bygd i ein unik militærstil. Bygn ligg langs ruta mellom Antiokia og Aleppo, og har eksistert sidan bysantinsk tid. Borga var opphavleg bysantinsk og vart bygd av Nikeforos, kort tid etter 959, før han så fall til arabarane og så seldsjukk-tyrkarane. I 1097 vart han erobra av krossfararane som heldt byen til 1119, utanom ei kort stund i 1089 då han vart teken av muslimske arabarar.

Han fall til Nur Al Din i 1149, så attende til krossfararane i 1158 og så igjen attende til Nur Al Din i 1164. Då mongolane invaderte på 1200-talet, vart mykje av Harem øydelagd, inkludert borga. Det som er att etter borga er datert attende til kampane mellom muslimane og krossfararane mellom 1164 og 1268. Krossfararborgar vart bygd opp at av sonen til Saladin, Malik Al Zaher Ghazi.[1] Som ein del av den syriske revolusjonen har syriske opprørarar teke kontroll over byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 24. desember 2010, henta 10. juni 2014