Harerug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harerug
Harerug
Harerug
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Slireknefamilien Polygonaceae
Underfamilie: Polygonoideae
Stamme: Persicarieae
Slekt: Bistorta
Art: Harerug B. vivipara
Vitskapleg namn
Bistorta vivipara

Harerug (Bistorta vivipara, ev. Polygonum viviparum eller Persicariaa vivipara) er ein om lag 15 cm høg fleirårig plante i slireknefamilien. Han har ein mørk knebøygd jordstengel og ugreina stengel. Dei nedste blada er langskafta og lansettforma. Lenger oppe på stengelen er dei smalare og lysare og har kortare bladstilk. Blomsterstanden er eit aks der det sit kvite eller bleikraude blomstrar. Frukta er ei nøtt. Men sidan planten ofte har flest hanblomstrar vert det lite eller ingen frukt på akset. I staden har akset ofte mange yngleknuppar. Dei utviklar seg gjerne med grøne blad før dei dett av morplanten.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Harerug har ei sirkumpolar utbreiing, og er vanleg i alle nordområda.[1] Arten veks over mest heile Noreg. Han er ikkje vanleg i låglandet sør om Oslo. Han veks mellom vekslande vegetasjon, og høgt til fjells. På Galdhøpiggen er han funnen i 2280 meters høgd. Elles er han vanleg nord til Jan Mayen, Bjørnøya og Svalbard. Utanom Noreg har planten sirkumboreal eller sirkompolar utbreiing.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Både jordstengelen, blada, fruktene og yngleknuppane er etande. Det er helst born som har brukt å ete harerug. Dei kan ha teke opp jordstengelen, putta yngleknuppane rett i munnen eller teke dei med inn og ete dei saman med mjølk.

Tidlegare høyrer vi at planten har vore brukt som tilskot til mathaldet, helst då i dårlege år. Yngleknuppane har då vorte tørka, malne og brukt i brødet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bistorta vivipara (L.)S.F. Gray», svalbardflora.no, arkivert frå originalen 24. april 2017, henta 6. juni 2017