Hargshamn
60°10′10.290″N 18°27′57.449″E / 60.16952500°N 18.46595806°E
Hargshamn | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 175 km² | ||
Folketal | 284 (31. desember 2023) | ||
Hargshamn 60°10′11″N 18°28′00″E / 60.169620809498°N 18.46671962035°E |
Hargshamn er ein svensk tettstad i Östhammars kommun i Uppsala län i landskapet Uppland. I 2005 hadde tettstaden 304 innbyggjarar.
Tettstaden består hovudsakleg av eldre villabusetnad utanfor hamna, som har vore i drift frå 1600-talet. Hamna var då eksporthamn for stangjern frå Hargs bruk. Heilt fram til nedlegginga av Dannemora gruva i 1992 var jernmalm det viktigaste produktet.
Service og industri
[endre | endre wikiteksten]Den viktigaste verksemda er Jaco Fabriks AB med over 50 tilsette, som produserer stillas, transformatorstasjonar, systemløysingar for mobiltelefoni og trådlaust breiband, signal- og tryggleiksanlegg for togdrift med meir. Hargshamn har opplevd nedlegging av viktige servicetilbod dei siste åra. Skulen blei lagt ned i 2005. Landhandelen med post og bensinstasjon blei nedlagt i 2007.
Hargshamn har internasjonal hamn med 8,5 meters djup som hovudsakleg vert nytta til bulktransport, for det meste drivstoff. Frå hamna går det jernbane og bilveg for vidaretransport.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hargshamn» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2012.