Hargus «Pig» Robbins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hargus "Pig" Robbins)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hargus «Pig» Robbins
Fødd18. januar 1938 (81 år)
FødestadSpring City
FødenamnHargus Melvin Robbins
OpphavSpring City i Tennessee
Aktiv1957 til i dag
SjangerCountry
InstrumentPiano, klaverinstrument, orgel
Tilknytte artistarGeorge Jones
PlateselskapTime, Liste, Elektra
Verka somStudiomusikar

Hargus Melvin «Pig» Robbins (fødd 18. januar 1938)[1] er ein USA-amerikansk klaverspelar og pianist. Han har spelt med artistar som Kenny Rogers, George Jones, Bob Dylan, Neil Young, Ween, Alan Jackson, Merle Haggard, Loretta Lynn, David Allan Coe, George Hamilton IV og Conway Twitty,[2] Robbins er ein mykje nytta studiomusikar i Nashville. Han har vore blind etter at han mista syner fire år gammal i ei ulukke med kniven til faren.[1]

Robbins lærte seg å spele piano sju år gammal, då han gjekk på blindeskule i Nashville. Han deltok på den første innspelinga si i 1957 og den første store innspelinga hans var George Jones sin «White Lightning».[3] Sidan den gong har han spelt piano og klaverinstrument for mange countrymusikarar.

Mellom 1963 og 1979 spelte Robbins òg inn åtte soloalbum.[3] Han fekk prisen som årets musikar av Country Music Association i 1976 og 2000.[4]

Singelen hans frå 1959, «Save It», vart spelt inn under namnet Mel Robbins, og sidan gjort i ein kjend versjon av The Cramps i 1983 på albumet Off the Bone.

21. oktober 2012 vart Robbins innlemma i Country Music Hall of Fame.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

1962 «Hully Gully to The Hits» som Mel «Pigue» Robbins Smash 27012 MONO/ 67012 STEREO
1963 A Bit of Country piano
1968 Play It Again, Hargus
1969 Hargus Robbins
One More Time
1977 Country Instrumentalist of the Year 46
1978 A Pig in a Poke
1979 Alive from Austin City Limits
Unbreakable Hearts

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Song US Country[4]
1979 "Chunky People" 83
"Unbreakable Hearts" 92

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Huey, Steve. «Hargus «Pig» Robbins biography». Allmusic. Henta 21. mai 2008. 
  2. «Profile». Australian Broadcasting Corporation The Backyard Saturday Night Country. Henta 2. mars 2008. 
  3. 3,0 3,1 «Hargus «Pig» Robbins Highlights Country Music Hall of Fame Programs». Cybergrass. 19. april 2007. Henta 21. mai 2008. 
  4. 4,0 4,1 Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 354. ISBN 0-89820-177-2. 
  5. "Garth Brooks, Connie Smith, Hargus “Pig” Robbins join Country Music Hall of Fame», The Tennessean, 6. mars 2012. Henta 16. januar 2015. [1]