Harimfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harimfjella
fjellkjede
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib guvernement
Areal 600 km²
Syria location map3.svg

Ḥārimfjella (arabisk جبال حارم) er eit høgland nord i Idlib guvernement nordvest i Syria. Fjella ligg i Ḥārim og Jisr Shuġūr distrikta i Idlib guvernement.

Ḥārim ligg mellom 36◦22′–36◦40′ E og 35◦46′–36◦14′ N i heilt vest på Aleppoplatået. Det dekkjer 600 km². Orontesdalen dannar vestgrensa. Roujsletta ligg i sør. Roujsletta og nord på Idlibsletta går langs austgrensa. Dānasletta (ein del av den nordlege Idlibsletta) skil Ḥārimfjella frå Jabal Simeon i nordvest. Dalen til ʻIfrīn og Amiksjøen ligg kring Ḥārimfjella i nord.

Fjella har tre massiv. Ḥalqa (arabisk جبل حلقة) og Bārīshā (arabisk جبل باريشا) dannar det første massivet frå aust. Ḥalqa (som tyder «sirkelfjellet») syner til låge fjellplatå kring Dānasletta. Bārīshā, som ligg vest for Ḥalqa, dekkjer kring 230 km² og har ei høgd på 500–600 moh i snitt. Det høgaste punktet er 657 moh.

Det andre massivet er Aʻlā (arabisk جبل الأعلى) (òg kalla Sumāq جبل السماق). Dette fjellet er skild frå Bārīshā av Shalfsletta. Det høgaste punktet i Aʻlā er 819 moh. Dette fjellet har ein folkesetnad av drusarar.

Det tredje fjellet er Wasṭānī (arabisk جبل الوسطاني). Dette fjellet strekkjer seg 40 km frå Salqīn i nord mellom Orontesdalen og Roujsletta. Fjellet omfattar to massiv. Det nordlege vert stundom rekna som eit eige fjell kalla Dwēli (arabisk جبل الدويلة). Det høgaste punktet i Wasṭānī er Ḥanash (arabisk جبل الحنش) (847 moh).

Det veks mykje oliven og eik i Ḥārimfjella. Her finst òg mange arkeologiske stader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]