Haringvliet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til Haringvliet

Haringvliet er ei stor bukt i Nordsjøen i provinsen Zuid-Holland i Nederland. Ho er eit viktig estuar i Rhinen-Maas-deltaet.

Nær Cromstrijen deler Hollands Diep seg i estuara Haringvliet og Volkerak. Haringvlietslusene ligg mellom estuaret og Nordsjøen ved Goedereede, noko som har danna eit vegsamband til øya Voorne i nord og til øya Goeree-Overflakkee i sør. Slusene vart bygd som ein del av Deltaprosjektet og har danna eit økologisk miljø med brakkvatn.

Haringvliet-estuaret inneheld øya Tiengemeten, som er skild frå elveøya Hoeksche Waard av Vuile Gat-sundet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]