Harkmarkfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°2′21.894″N 7°37′16.810″E Harkmarkfjorden er ein liten fjord aust i Mandal kommune. Han har innløp nord for Kåløy og strekkjer seg 5,5 km nordover til tettstaden Harkmark, som fjorden er kalla opp etter. Like innanfor innløpet deler fjorden seg i to og ein liten del går sørvestover til Selvåg. Den andre delen går gjennom eit smalt sund, om lag 30 meter på det smalaste, som heiter Strømmen. Like innanfor her ligg tre små holmar, Prikkmannsholmen, Hattholmen og Kråkeholmen.