Harlekintanagar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harlekintanagar

Status i verda: VU Sårbar

Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1875, public domain
Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1875, public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thraupidae
Slekt: Chlorochrysa
Art: C. nitidissima
Namn på andre språk
  • Engelsk: Multicolored Tanager
  • Vitskapleg namn
    Chlorochrysa nitidissima
    Sclater, 1873

    Harlekintanagar (Chlorochrysa nitidissima) er ein fugl i tanagarfamilien. Arten finst utelukkande i høgder over 900 moh. i Andesfjella i vestlege Colombia.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Harlekintanagar er ein liten sporvefugl på ca. 12 cm. Hannar har gul frampart av hovudet, andlet, skulder og strupe. Nakken og bakhovudet er lys grøn. I kontrast til dette er øyredekkarar svarte til kastanjefarge ned mot halsen. Venger og hale er grøne, bryst buk og undergump er i blått, med ein svart flekk midt på undersida. Hoer er mattera og manglar gul skulder og svart flekk på undersida. Umodne fuglar av begge kjønn liknar hoer, men er enda mattere.[1]

    Slektsnamnet Chlorochrysa refererer til de lys grøne og gule områda av fjørdrakta. Den spesifikke delen av artsnamnet, nitidissima, tyder "svært lys", med tilvising til venleiken i fjørdrakta.[2]

    Informasjon om hekkeåtferd og hekkesesong for denne arten er stort sett frå individuelle og isolerte registreringar. Samla sett tyder desse data at hekkesesongen kan vere frå november til august, eit felles mønster blant tropiske småfuglar.[3]

    Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

    Harlekintanagaren er endemisk til det indre av dei fuktige alpine skogane i den vestre og den sentrale fjellkjeda av Andes i Colombia.[4] Det finst hovudsakleg i beltet mellom 1300 og 2200 meter over havet. Men nokre rapportar viser dei kan finnast så lågt som 900 moh., spesielt i Cauca-departementet.[5] Det finst observasjonar frå følgjande departement: Cauca, Valle del Cauca, Chocó, Quindío, Risaralda, Caldas, og Antioquia-departementet. Dei ser ut til å føretrekke voksen skog, men har òg vore observert i moden, gjenreist skog og i skogkantar.[6] Dei fleste av dei siste registreringane av arten kjem frå Valle del Cauca-departmentet, der han held til heile året, og er enno ganske vanleg sjølv i små skogsfragment.[4][7]

    Føde[endre | endre wikiteksten]

    Denne arten er oftast funne som ein del av fleirartsflokkar i øvre delar av skogkrona.[7] Han søkjer vanlegvis etter insekt på undersida av blada, medan dei klamrar seg til blada med føtene.[5] Dei har òg vorte rapportert å eta moden frukt, hovudsakleg frå slektene Cordia, Miconia, Palicourea og Ficus.[7]

    Vernestatus[endre | endre wikiteksten]

    Den internasjonale naturvernorganisasjonen (IUCN) har oppført denne arten som sårbar, hovudsakleg på grunn av låg populasjon, i mellom 20 000 og 50 000 individ, og fordi han berre er kjent frå eit fåtal stader.[4] Harlekintanagarar pleidde tidlegare å vere ganske vanlege, men bestanden har minka i heile utbreiingsområdet på grunn av pågåande habitatøydelegging. I dag blir han sett berre svært sjeldan, og då hovudsakleg i fragmentert restskog.[6] Habitatstap og fragmentering er store trugsmål mot arten, ca. 81 % av leveområde har gått tapt hittil.[7]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Hilty, S. (2011)
    2. Jobling, J. A. (2010). The Helm dictionary of scientific bird names : from aalge to zusii. London: Christopher Helm. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
    3. Johnson, E. I.; Stouffer, P. C.; Bierregaard, Jr, O. (2012). «The phenology of molting, breeding and their overlap in central Amazonian birds». Journal of Avian Biology 43 (2): 141–154. 
    4. 4,0 4,1 4,2 BirdLife International
    5. 5,0 5,1 Hilty, S. L.; Brown, W. L. (1986). Birds of Colombia. Princeton: Princeton University Press. 
    6. 6,0 6,1 del Hoyo, J.; Elliott, A.; Christie, D. A., red. (2011). Handbook of the Birds of the World. Vol 16. Tanagers to New World Blackbirds. Barcelona: Lynx Edicions. 
    7. 7,0 7,1 7,2 7,3 L. M. Renjifo, (eds.)... [et al.],; Renjifo, L. M. (2002). Libro rojo de aves en Colombia (1a. utg.). Bogotá, D.C.: Instituto de Investigación de Recursos Biológicos Alexander von Humboldt. ISBN 958-8151-08-2. 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Harlekintanagar