Harmandir Sáhib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harmandir Sáhib, 'Det gylne tempelet'.
Venstre bygning ved Det gylne tempelet.

Hari Mandir, Harmandir Sáhib eller Sri Darbár Sáhib — mest kjent under tilnamnet Det gylne tempelet — er sikhismens heilagaste stad og valfartsmål for sikhar frå heile verda. Denne gurdvaraen vart bygd av den femte sikh-guruen, guru Ardjun, for å hyse Guru Granth Sáhib, sikhane si heilage skrift.

Forhistorie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var denne staden eit lite vatn i ein skogslund. Reisande og heilage folk kom åt denne staden for meditasjon og kvile. Staden var kjend for roa og det reine og gode vatnet.

Vatnet vart utvida og eit lite samfunn sett opp under leiing av den fjerde sikh-guruen, Guru Ram Das (guru 1574–1581). Under leiing av den femte sikh-guruen, Guru Arjan (guru 1581–1606) vart Harmandir Sáhib bygd. Den muslimske helgenen Hazrat Mian Mir Dji frå Lahore la ned grunnsteinen av Harmandir Sáhib i desember 1588, og bygningen vart fullført i 1601. Tempelet har fire inngangar — eit symbol på toleranse og openheit.

Tempelet vart attoppbygd i 1803 av maharaja Randjit Singh. Kuppelen, som har form som ein lotusblome som vender ned mot jorda, seiest å vera dekt av heile 100 kilo gull. Slik denne gurdvaraen ligg no, er han omgjeven av ein dam kjend under namnet Sarovar.

Operation Blue Star[endre | endre wikiteksten]

På 1980-talet opplevde India fleire terroriståtak frå sikhar som ville danna sin eigen stat, Khalistan. Den indiske hæren slo hardt ned mot opprørarane. I 1984 forskansa leiaren for separatiastane, Jarnail Singh Bhindranwale, og ei rekke tilhengjarar seg i Det gylne tempelet.

Etter ordre frå den daverande indiske statsministeren, Indira Gandhi, gjekk den indiske hæren til åtak på tempelet den 5.6. juni 1984. Målet var å sikre det indiske styret i Panjab og å taka Jarnail Singh Bhindranwale til fange. Separatistleiaren døydde under åtaket. Indira Gandhi vart seinare drepen av livvaktene sine, som var sikhar, som hemn for aksjonen. Dette førte igjen til valdelege hemnåtak mot uskuldige sikhar fleire stader i landet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]