Harmonisk bølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harmonisk bølgje

Ei harmonisk bølgje er ein komponent av ei bølgje der frekvensen er eit heiltallig multiplum av grunnfrekvensen til bølgja. T.d viss frekvensen er f, så har dei harmoniske bølgjene frekvens lik 2f, 3f, 4f osv.

Det same gjeld for lydbølgjer i musikk, der ein harmonisk tone er frekvensen mulitplisert med eit heiltal. Når ein har to tonar, der den eine tonen ikkje har ein frekvens som er eit heiltal multiplisert med frekvensen til den andre tonen, vert denne tonen kalla ein uharmonisk overtone. Det er amplituden og plasseringa av dei harmoniske tonane som gjev instrumenta forskjellig klangfarge (sjølv om dei fleste menneske ikkje kan høyre skilnadane), og det er bølgjeforma på overtonane som gjer at ein kan høyre at det er to forskjellige instrument som spelar same musikk.

Utval av ei harmonisk rekkje i musikk:

1f 440 Hz grunnfrekvens første harmoniske komponent
2f 880 Hz første overtone andre harmoniske komponent
3f 1320 Hz andre overtone tredje harmoniske komponent
4f 1760 Hz tredje overtone fjerde harmoniske komponent

Amplitudane vil derimot variere.

Mange musikkinstrument kan spele dei øvre harmoniske komponentane utan at ein har grunntonen. I det enklaste tilfellet (t.d. ei blokkfløyte) fører dette til at ein kan spele ein tone som er ein oktav høgare enn grunntonen. I enkelte tilfelle endrar dette klangen til tonen. Dette vert ofte brukt for blåseinstrument, der ein kallar det overblåsing. På strengeinstrument kan ein lage tonar som høyrest svært reine ut, som vert kalla ein harmonisk tone av strengespelarar. Tonen er svært høg, og ein finn han på noden til strengen. Ein kan bruke desse harmoniske tonane til å sjekke samklangen til eit strengeinstrument, altså om instrumentet er stemd eller ikkje.

Table of Harmonics.jpg